I dag kan du få kjøpt ekte heimelagde Mamol frå Syria, lagd midt i Eidsgata av Maram Alquwatli (29) og dei to barna hennar Lamar (9) og Yazan (10).

– Vi kjem til å selje småkakene her i dag, som eit prøveprosjekt for å sjå korleis det går. Viss det slår an, vil vi kanskje utvide med litt fleire typar småkaker. Det har allereie vore kundar her og kjøpt, fortel Maram.

Tradisjonskaker

Ho forklarer at desse kakene krev lang førebuing, og at det tek fem timar frå ho startar til småkakene er ferdig stekt. Som regel vert desse kakene bakt til den store Id feiringa etter ramadan.

– Etter at eg er ferdig med deigen skal kakene formast og settast inn med daddel og nøttefyll, og sidan pressast i form og steikast. Det er ein omstendeleg prosess som tek lang tid, seier ho.

– Det er veldig kjekt å halde på med dei, vi pratar og kosar oss mens vi held på og så smakar dei veldig godt, seier Lamar (9) som har lært seg heile prosessen.

Kjempegode

Dei står utanfor butikken Outlet Eid midt i Eidsgata og sel kjeksa, eller småkakene om du vil. Du kan få dei i pakkar på seks eller tolv stykke. Yasan og kameraten Aleksander synest det er kjekt å selje eigenprodusert mat på Eid. Yasan påpeikar at kameraten elskar syriske smakar.

– Ja. Eg synest desse er kjempegode, seier Aleksander.

Familien bur også i det same bygget som Outlet Eid ligg i. Og det var Kari Knævelsrud som driv butikken, som tipsa Maram om å selje kjeksa då ho syntest dei var så gode.

Familien Maram Alquwatli og hennar to barn dottera Lamar (9), sonen Yazan (10) og kameraten Aleksander sel heimelagde syriske småkaker i Eidsgata. Foto: Anita Ingebrigtsen