Etter ein jamn kamp mellom Åsane og Eid/Haugen vart stillinga 18-18. Berre ni minuttar før slutt leda Eid/Haugen med to mål, men Åsane kom tilbake og leda i sluttminutta med 18-17. Berre sju sekund før kampslutt gjekk det hardt føre seg då Jostein Haugland vart takla og fall i golvet. Dermed vart det straffekast til Eid/Haugen som Oddbjørn Karlsen tok. Han scorte også flest mål i kampen, ialt ni mål.

Jamn kamp gav poeng

– Det var veldig kjekt å få poeng, det var ein jamn kamp. Vi jobba godt, og at vi ikkje fekk det heilt til å fungere i angrep var litt synd. Vi er vant til å få spelet til å gje fleire skotmoglegheiter. Vi hadde litt mindre rom enn vi er vande med, for gutane frå Åsane var storvokste. Men alt i alt er vi nøgde med å få eit poeng, seier trenar Tone Flem Ulvestad.

I neste kamp mot Viking klokka 16.00 håpar ho på siger etter å ha sett dei spele første kampen.

Litt skuffa karar frå Åsane

Gutane frå Åsane var tydeleg skuffa då dei trudde sigeren var sikra få sekund før slutt. Trenaren Simen Grahl-Madsen sa til spelarane at det var synd å reise så langt for uavgjort, men at dei hadde ei god innstilling i sluttminutta og spelte godt.

– Vi meinte i utgangspunktet vi skulle ha ein god sjanse til å vinne mot Eid/Haugen, men gutane frå Eid fighta godt, og gir seg ikkje bort. Neste kamp blir mot Florø og der håpar vi å ta sigeren i land, seier Grahl-Madsen.

Fjordabladet kjem tilbake med meir. Sjå også Fjordabladet kommande tysdag.

Lagbilde Eid/Haugen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Handballkamp i A serien for Hordaland og Sogn og Fjordane G16. I idrettshallen på Nordfjordeid. Kamp mellom Eid/Haugen og Åsane. Resultat 18-18. Foto: Anita Ingebrigtsen