− Første gong eg var på Nordfjordeid og såg på lokala som vi no opnar butikk i, så var det varehandel. Eg såg potensialet i lokala, og etter ombygginga har det blitt veldig bra, sa Lars-Petter Christensen, eigedomssjef i Jysk, då Fjordabladet snakka med han på opningsdagen.

Sentralt

Eigedomssjefen fortel at Jysk har gjennomført ei omfattande og grundig marknadsanalyse før kjeda beslutta å legge sin 86. butikk i Norge til Nordfjordeid.

− Ut frå dei analysene som vi har gjennomført er eg trygg på at Jysk på Nordfjordeid kjem til gjere det bra, fordi dette er eit godt handelsområde, seier Christensen som legg til at han har fått mange godord fordi Jysk er med å vitalisere Eidsgata.

Kø før opning

Sjølv på ein dag med skikkeleg dårleg ver var det kø utanfor butikken før opning.

− Lenge før vi opna dørene var det kø ved begge inngangane,  og det har vore bra med folk innom den første timen som vi har hatt ope, fortel Remy Folkestad, dagleg leiar ved Jysk sin nyopna butikk på Nordfjordeid.

Også den nyopna Jysk-butikken var tydleg prega av at det snart er jul. Foto: Tormod Flatebø
Møblar er eit viktig innslag i varesortimentet til Jysk. I tillegg til innemøblar opnar Jysk, i mars, ei eige avdeling for hagemøblar. Foto: Tormod Flatebø
Dagleg leiar Remy Folkestad i samtale med sine første kundar. Foto: Tormod Flatebø