Dans Uten Grenser har tiårsjubileum i Sogn og Fjordane i år, og på desse åra har fleire tusen born og unge vore innom danseverkstadane. Til saman har 890 ungdomar gjennomført opplæring som instruktørar.

– Det er godt å bli anerkjent av sine eigne, og eg deler denne prisen med utruleg mange ungdomar, sa Ove Henning Solheim i takketalen sin.

Ein plass for alle

Han la vekt på at frå oppstarten av har det vore spesielt viktig at Dans Uten Grenser skulle vere eit tilbod alle kunne ta del i. Det har fleire merka seg.

– Ungdomane i Dans Uten Grenser har sjølve skapt mottoet «Ein plass for alle», som dei lever opp til ved å invitere alle inn som deltakarar og elevar. Alle skal kunne vera med å danse, slo nestleiar for hovudutval for næring og kultur, Jakob André Sandal, fast i talen til prisvinnarane.

Ove Henning Solheim la grunnlaget for danseverkstadmodellen, som vi i dag kjenner som Dans Uten Grenser, då han jobba som fritidsleiar i Rygge kommune. Han vidareførte arbeidet då han flytta heim til Førde i 2003, og danseverkstadane vart etter kvart knytt til folkehelsearbeidet til fylkeskommunen. Frå 2006 har det blitt etablert danseverkstadar for born og unge mellom ti og 19 år i 13 kommunar i fylket.

Gje ungdom tillit og moglegheiter

Verkstadane vert drive etter ung-til-ung-metodikk, altså at dei unge skal lære opp kvarandre. Tanken er at ungdom har større påverknadskraft overfor unge enn det vaksne har. Ungdomane får opplæring i korleis undervise i dans, men også i korleis ein går fram for å starte og drive ein danseverkstad.

– Gje ungdom tillit. Gje dei moglegheiter. Gje dei kompetanse til å vere deltakande, aktive og  omsorgsfulle i lokalsamfunna sine, og det vil blomstre rundt dei, seier Ove Henning Solheim, som tysdag 6. desember tok imot prisen på 50 000 kroner frå fylkesordførar Jenny Følling.

Prispengane vert delte likt mellom Solheim sjølv og organisasjonen Dans Uten Grenser.