Laurdags kveld vart det klart at regjeringa har kome til ei budsjettsemje med KrF og Venstre.

– Eg er glad dei no får på plass eit budsjett slik at vi kan unngå meir usikkerheit og kaos, det var jammen på tide, seier Marit Arnstad, parlamentarisk leiar for Senterpartiet.

Løysinga handla mellom anna om auka omsetningskrav for biodrivstoff og CO2-fond for tungtransport. Dette var løysingar som Senterpartiet allereie har foreslått i sitt alternative budsjett.

– Eg er glad for at dei fire partia adopterer fleire av våre konkrete løysingar med tanke på klima, dette er verkemiddel som har effekt, i motsetning til avgifter som ikkje verkar, seier Arnstad.

Senterpartiet meiner likevel dette er eit budsjett dei sjølv ikkje kunne stemt på i Stortinget.

– Dette er framleis eit budsjett som sentraliserer Norge. Det svarar ikkje opp utfordringane i politiet, på sjukehusa eller i kommunane.

– Eg registrerer og at dette budsjettet framleis vel å auke avgiftene for folk som er avhengige av bilen, eg synes det er synd dei vel slike tiltak når vi veit dei har marginal klimaeffekt, avsluttar Senterpartiets parlamentariske leiar.