Knut Tore Nes Hjelle (V) er skuffa over fylkesmann Anne Karin Hamre som ikkje ser verdien av å bygge regionkommune i Nordfjord.

–  Det er beklageleg og uforståeleg at Fylkesmannen ikkje ser verdien av å ha ein like slagkraftig kommune i Nordfjord som i Sogn, seier Nes Hjelle. Han meiner at ein kan bruke den same argumentasjonen i Nordfjord som i Sogn og som ein gjer når det gjeld regionreforma.

Nes Hjelle slår eit slag for ein større regionkommune i Nordfjord. Han legg vekt på at det er ein styrke at ein er litt ulike, heller enn eit problem.

– Er det ikkje slik i kjemien at ulikheiter tiltrekkjer kvarandre. Å berre skulle slå seg saman med andre som driv med det same som ein sjølv, det blir det ikkje utvikling av. Vi skulle hatt med Stryn, seier Nes Hjelle til Fjordabladet. Han peikar også på at ein langstrakt kommune frå Stryn til Selje vil innebere at ein kjem gunstig ut økonomisk ved at ein får store utslag for avstandsulemper.

–  Vi bør også sjå innover til Stryn. Stryn – Eid - Selje ville bli ein kanonkommune som ville få masse tilskot, seier Venstre-politikaren.