Den første utrykkinga måtte politiet gjere i Måløy klokka ti på eitt i natt. Der var politiet tilkalla til ein privatfest i sentrum, for å roe gemyttane. Situasjonen løyste seg ved at folk valde å gå heim etter besøket frå politiet.

Klokka kvart på tre i natt rykte politiet ut på Sandane. Meldinga gjekk ut på ordensuroing på eit hotell i sentrum. Også her løyste situasjonen seg etter at politiet hadde snakka med partane.