Kven er dei kule, og kven er ikkje så kul? Kven er innafor å kven er ikkje med i gjengen?

Og kan vi ikkje alle vere saman og vere vener?

Dette er spørsmål som lærarane Hege Lillestøl Naustdal og Lise Hoddevik Rønnestad ved Eid ungdomsskule har relektert over. Og resultatet er blitt manus til musikal på Eid ungdomsskule skuleåret 2016/2017.

–Det heile starta faktisk då vi skulle ha gruppearbeid på skulen. Nokre elevar ville gjerne samarbeide med fleire, men stilte seg tvilande til om dei kunne vere saman med nokre av dei mest «kule», seier Naustdal.

–Eg blei både sint og litt lei meg av eit slikt spørsmål. Samstundes som det fekk meg til å tenkje. Etterkvart blei desse tankane til ein heil musikal, seier Hege Lillestøl Naustdal som i desse dagar har manus ferdig saman med Lise Hoddevik Rønnestad. Og elevane er også  i gang med å øve inn det som skal skje på scena.

128 på scena

Årets musikal har fått namnet «2025» og handlar om korleis verda kanskje kan endre seg fram til den tid. Mange unge i dag opplever press om å vere vellukka og mange set store krav til seg sjølv. Dette har akselerert dei siste åra, og korleis skal dette utvikle seg framover?  Blir det verre, får vi eit samfunn endå meir prega av statusjag? Slik spørsmål blir reflektert over i musikalen, og dei som møter opp får sikkert svar på ei mulig utvikling vidare.

–Vi kan ikkje røpe så mykje, men ofte er det vel slik at musikalar skal ende med ein god slutt, seier Lillestøl Naustdal. I år er det 128 elevar av totalt 228 som er med på musikalen. Det er dei som har valfaget Sal og scene. Alle skal vere på scena i større eller mindre roller. I tillegg har mange også andre oppgåver som skal til for å få musikalen gjennomført.  Årets musikal er den femte i rekkja for Eid ungdomsskule, ein tradisjon som blir gjennomført kvart tredje år. Premieren blir 16. februar 2017, med framsyning også den 17. februar.