I dag, torsdag 20. oktober opna Amfi Nordfjord dørene. −Det er truleg ein viktigare merkedag for Eid og Nordfjord enn vi klarer å forestille oss her og no, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo før han klipte snora og opna det reionale kjøpesenteret.

− Amfi Nordfjord er eit privat investeringsprosjekt på fleire hundre millionar kroner. Det er den største investeringa i Eid nokon sinne, og gjev 50-100 nye arbeidsplassar. Eit slikt gigant-prosjekt kjem ikkje «seglande på ei fjøl».

− Vi er ei stor takk skuldig til dei som har gjort Amfi Nordfjord mulig. I 1987 opna Ivar Moen Moengården. Det var grunnlaget for alt som har skjedd i ettertid av nye utbyggingar - i 30 år. Ivar og Bjørn Kåre Moen har sett lenger enn dei fleste, og alltid vore i forkant. Å tenkje nytt blir du ikkje nødvendigvis populær av der og då. Men for utviklinga av Nordfjordeid har Ivar og Bjørn Kåre sin stayerevne vore uvurderleg, sa ordføraren  og overrekte dei to lokale gründerane Eid kommune si sølvnål.