Størst vekst er det for fjordhesten med ein auke på 68 prosent på to år, skriv Nationen. I tillegg er bedekningsveksten for dølahesten på 25 prosent frå botnåret 2014 til 2016, medan 20 prosent fleire nordlandshestar/lyngshestar er gjort drektige det siste året.

– Dei rykande ferske tala viser for fyrste gong på fleire år ein oppgang for alle tre rasane. Det kan tyde på at vi har sett botnen når det gjeld talet på bedekningar. Samtidig er det dei lange linjene som vil avgjere framtida for rasane, ikkje resultata frå ein enkelt sesong, seier kommunikasjonsrådgjevar Kari Hustad ved Norsk Hestesenter (NHS) til Nationen.

Dei tre nasjonale hesterasane er alle rekna som utryddingstrua, men no fattar nye generasjonar interesse for dei norske hestane, ifølgje avlskonsulent Kjersti Nerbråten ved NHS.

– Alt i alt viser årets tal at veksten som NHS registrerte i fjor, ikkje var eit blaff, men at det positive trenden held fram også i 2016, seier ho. (©NPK)

Illustrasjonfoto. Foto: Anita Ingebrigtsen