Nye dagsturhytter skal få folk i fylket ut på tur – og ned i stolen med nynorsk litteratur. Målet er å minst ei dagsturhytte i kvar kommune i fylket.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i lengre tid arbeidd med utvikling av ein ide som har mål om å styrke tilrettelegginga for friluftsliv i fylket. Målet er å sette opp ei dagsturhytte i kvar kommune i Sogn og Fjordane, finansiert av støtte frå Sparebankstiftinga, spelemidlar til anlegg og momsrefusjon.

Hytta skal fungere som ly for ver og vind, vere ein attraksjon i seg sjølv og stimulere både lysta til å vere ute og leselysta, med eit nynorsk fjellbibliotek med bøker for barn og unge.

Kommunane kan anbefale turmål

Kommunane er utfordra til å kome med tilbakemelding til fylkeskommunen for val av turmål i sin kommune etter gitte kriterier innan 15.oktober. Plassering av hyttene kan både vere ved sjø og i fjellterreng, undervegs til eit turmål eller på toppen, men skal vere nær sentrum og med god parkeringskapasitet.

Utsikt på turmålet er viktig, og kommunane må vurdere om området bør ha eit sanitæranlegg. Så langt har fem kommunar gitt tilbakemelding på val av turmål og blant anna ser Jølster kommune føre seg å etablere to hytter innan utgangen av 2018.

Montering i 2017

Det vert lyst ut ein arkitektkonkurranse på DOFFIN i veke 42 og denne dannar grunnlag for leverandørkonkurranse. Fylkeskommunen lyser ut ein leverandørkonkurranse og kommunane nyttar felles innkjøpsordning saman med fylkeskommunen.

Dei første hyttene vil bli montert i mai 2017.