Ny Sokneprest ønska velkommen

Mathisen skal ikkje berre vere sokneprest i Eid og Stårheim, men også i Kjølsdalen. Øystein S. Mathisen er 41 år, kjem frå Hobøl og er nettopp flytta til Nordfjordeid. Han har tidlegare arbeidd som sokneprest i både Kirkenes og Tonsen kyrkje i Oslo.

Sår Guds ord

Prosten Rolf Schanke Eikum ønska Mathisen velkommen til Eid og til kyrkjelyden, og sa at kyrkjelyden har venta lenge på å få han hit, nærmare eitt år. Med ord frå likninga om Såmannen frå Lukas 8, fekk Mathisen nokre ord med på vegen inn i sitt viktige arbeid.

– Såmannen er så raus, han sår overalt i håp om at det skal vekse sjølv der ein ikkje skulle tru det. Noko fell på vegkanten, noko på steingrunn, i klunger og noko i god jord. Såkornet er guds ord. Gud er så raus, han vil at ingenting skal vere uprøvd. Og den same rausheten vil vi at du som prest skal vise. No er du ganske stor og kraftig, men det er ikkje såmannen si styrke eller kraft det kjem an på, men krafta i såkornet, seier Schanke Eikum.

Den første prekenen til Øystein Mathisen handla mellom anna om Korsvegbegelgelsen i Norge sine fire retningsgivande vegvisarar og å søke Jesus, fremje rettferd, byggje fellesskap og leve enklare.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi på Kyrkjetunet.

Soknepresten vert også innsett i Kjølsdalen kyrkje.

Prosesjon ved innsetting av Øystein S. Mathisen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Velsignelsen av sokneprest Øystein S. Mathisen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Øysten S. Mathisens første preken i Eid kyrkje. Foto: Anita Ingebrigtsen