Kvart år har Statsbygg ein studentpris dei deler ut for fremragende arkitektur, landskapsarkitektur og interiørarkitektur. I år var det altså Hanna Tryggestad frå Nordfjordeid som vann denne gjeve prisen. Prisen delast ut til studenter ved Kunsthøgskolen i Oslo, Fakultet for arkitektur og billedkunst ved NTNU, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Institutt for landskapsplanlegging ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Bergen arkitekthøgskole og Kunsthøgskolen i Bergen.

I vår fullførte Hanna Tryggestad si masteroppgåve der ho planla, og bygde ein leikeplass til barna på barneheimen «Angel House Children’s Home» i Chennai i India. På hennar eiga facebookside for prosjektet kan ein følge med på korleis det går med leikeplassen, plantane og uteområdet på barneheimen.

– Vi var tre nominerte til prisen, og i år blei det delt førsteplass med mi masteroppgåve og ei anna. Dei andre oppgåvene var utruleg bra, og eg syns det var veldig kjekt å vere ein av dei nominerte. Det var litt uventa, men veldig stas å få tildelt prisen, seier Hanna Tryggestad i ein kommentar.

Tidligare i vår skreiv Fjordabladet følgande om Masteroppgåva til Hanna Tryggestad:

– Ei oppleving for livet å bygge leikeplass til barneheimsbarn i India

Landskapsarkitektstudenten Hanna Tryggestad frå Nordfjordeid, har fullført masteroppgåva si. Påskeaften kunne ho sleppe jubelen laus. Ho har planlagt og bygd leikeplass til barna på barneheimen «Angel House Children’s Home» i Chennai i India.

Hanna Tryggestad frå Nordfjordeid tek master i landskapsarkitektur ved Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet på Ås. Masteroppgåva hennar går ut på å oppgradere eit uteområde til barneheimen «Angel House Children’s Home» i Chennai i India. Familie og vener reiste ned i påska for å hjelpe Hanna med sluttfasen. Påskeaften vart leikeplassen innvia med opningsfest, god mat og kake.

– Det har vore ei oppleving for livet å bygge leikeplass til barneheimsbarn i Chennai i India. Eg har fått ei personleg og nær tilknyting til barna, og eg kjem til å halde kontakt og reise ned ved høve, seier Hanna.

Barna deltek aktivt

For Hanna har det vore viktig å inkludere dei tilsette og barna igjennom heile prosjektet.

– Dei har vore aktive deltakarar gjennom heile prosessen. Vi har hatt fleire workshops, barna har fått vere med å bestemme korleis dei vil ha det. Anleggsgartnarfirmaet «Perikali» har hatt hovudansvaret for utføring av prosjektet. Dei står for leveranse av alle planter, muring, pergola-montering og mykje meir. Dei har vore heilt fantastiske å ha med på laget, seier Hanna og legg til:

– Leikeområdet blir flittig tatt i bruk av ungane, så det er veldig kjekt å sjå. Det bur 25 barn på barneheimen no, som både er aldersheim og barneheim samtidig. Snart utvidar dei med 25 barn til, når dei eldre på heimen flyttar over til eit nytt eldresenter.

Takksam for hjelp heimanfrå

Ho er også takksam for den hjelpa som Eidarane har gjeve ho, og alle prosjekta som har komme som ei følge av hennar prosjekt.

– Dei har vore ei enormt god støtte for prosjektet. Mange har donert pengar til finansieringa av prosjektet, og komme med positive og motiverande tilbakemeldingar. I tillegg skal blant anna Eid vidaregåande skule vere med å lage ein 3D-modell i skala 1:100 av uteområdet. Haugen Barnehage har arrangert omvendt julekalender og gitt leikar i tre år på rad. Cubus Nordfjordeid donerte to sekkar med barneklede, og eg fekk stå utanfor Coco frisørsalong, som er midt i Eidsgata, og selde vaflar til inntekt for prosjektet på Sommarshopping.

Familien hjelper til

– Eg ville ikkje vore denne opplevinga forutan. Det har gjort veldig inntrykk å sjå dei store kontrastane som er der. Vi måtte legge bak oss korleis vi har det heime, og sjå korleis dei har det der. Vi såg at det skulle så lite til for å gjere dei glade. Barna gledde seg over alt vi gjorde, dei fekk arbeidsoppgåver og vi såg at dei var blitt glade i Hanna. Det gjorde også sterkt inntrykk å sjå dei eldre i heimen, som normalt sett ikkje gjorde noko om dagane, at dei livna til med det same ungane kom tilbake frå skulen, seier Reidun Tryggestad, mor til Hanna.