Den 22. september kvart år vert Verdens Bilfri dag arrangert. Mobilitetsveka blir over heile Europa avslutta med ein bilfri dag der deltakarbyane set av eitt eller fleire område som i ein heil dag berre kan brukast av fotgjengarar, syklistar og kollektivtransport.

– I Eid markerer vi dette med gågate i Skulevegen. Dette er ei god anledning og ein god innfallsvinkel for å diskutere og prøve ut ny trafikkmodell for området, seier Elin Paulsen i Eid kommune.

Skulane har oppmoda elevar og føresette om å gå og sykle til skulane heile veka og den 22. tek Nordfjordeid skule i bruk Skulevegen som aktivitetsarena, med leik og aktivitetar under Leikepatruljen frå kl 11-12.30.

Tidspunkt vegen vert stengd for biltrafikk er mellom kl. 0815 – 0900, mellom kl. 1100 – 1230, og mellom kl. 1415 – 1500.

Gå-sykle til jobb

Dei tilsette i Eid kommune er med på gå/sykle-aksjonen denne veka – og dei tilsette ved Nordfjordeid skule går føre som eit godt eksempel og nyttar høvet til å melde seg inn i dytt.no.

Betre tryggleik i Skulevegen

I gjeldande kommunedelplan for veg og trafikktrygging er ein av strategiane «Sikring av skule- og barnehageområde». Planen peikar på at vegane kring barnehagar og skular må prioriterast høgast. Her er det ofte ei blanding av gåande og køyrande, og trafikken er svært tett særleg ved skulestart og skuleslutt. Borna har krav på ein trygg skuleveg, slik at flest mogleg kan gå til og frå heimen!

I Skulevegen er det trong for betring av trafikktryggleik for mjuke trafikantar i samband med etablering av ny fleirbrukshall, utviding av bustadfelt, samt utbygging av nytt omsorgssenter.

Fleire mindre tiltak er sett i verk og no startar arbeidet med ombygging av kryss Fossevegen/Skulevegen og etablering av av-/påstigningslomme, samt nytt fortau ved Eid Eldretun.

I området Skulevegen/Fossevegen er følgjande tiltak gjennomført for å betre trafikktryggleiken:

  • Betra vegbelysning langs Fossevegen frå Eid eldretun til rundkøyringa i Korsen.

  • Forsterka belysning ved fotgjengarovergangar.

  • Gjennomført skiltplan for Skulevegen, Fossevegen og deler av Sjukehusvegen

  • Supplerande skilting i kryss ved Eid sjukeheim (høgresvingforbod vestover mot skulane frå Fossevegen).

  • Montert trafikkspegel

  • Fartsdemparar i Fossevegen

  • Det er utarbeidd reguleringsplan for Myroldhaug – Sjukehusområdet. I planen er krysset Fossevegen/Skulevegen endra, slik at sikttilhøva vert betre. Det er regulert inn fortau på begge sider av Fossevegen på strekninga Skulevegen - Gjerdane barnehage.

MOBILITETSVEKA I EID 19.-22. september 2016