Eid kommune meiner det snarast bør etablerast opphøgd fotgjengarovergang og redusert fartsgrense til 40 km/t for kryssingspunktet, slik det til dømes er gjort på Rv 15 ved Skavøypoll skule i Vågsøy. På sikt bør krysset prioriterast for ombygging.

Kommunen skriv at det i dag er særs vanskeleg for mjuke trafikantar å krysse vegen på ein trygg måte. Både bebuarane på Haugen, v/ Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag, og Eid kommune meiner at trafikktryggleiken i krysset er høgst utilfredsstillande.

I brevet vert det vist til at Haugen er eit område med mykje aktivitet, både på dagtid og kveldstid. Det er stor aktivitet i idrettslaget, og idrettsplassen ligg på motsett side i forhold til etablerte bustadområde og skule/barnehage. Dette fører til stort behov for å krysse riksvegen både på dagtid og kveldstid. Den trafikkfarlege kryssingsstaden vert nytta både for å kome seg til og frå busshaldeplass, idrettsanlegg og turområde.

Det vert også vist til at det er planlagt auka næringsaktivitet og bustadbygging i området, mellom anna er der no gjenbruksstasjon for Eid kommune.

På riksveg 15 ved krysset var det tidlegare fotgjengarovergang, men denne vart fjerna. Fartsgrensa på staden er i dag 60 km/t. Statens vegvesen har sett opp ekstra lyspunkt der overgangen var tidlegare.

Brevet er underskrive av ordførar Alfred Bjørlo og ingeniør Dag Petter Leite.