Eid ungdomsråd skal for kvart skuleår velje ny leiar og nestleiar, medan medlemmane blir valt inn for to år.

I dag var første møtet i det nye rådet, der Ingvild Taklo Stautland (18) blei den nye leiaren og Alexander Baraki (16) blei nestleiar.

Ingvild går siste året på studiespesialiserande på Eid vidaregåande skule, og ho er frå Nordfjordeid. Alexander er oppvaksen i Oslo, har flytta med til Måløy, og har no starta på sitt første år på Eid vidaregåande skule, studiespesialiserande.

Ungdomsrådet har om lag seks møter i løpet av eit skuleår. Medlemmane blir valt som faste eller vara frå den skulen dei kjem ifrå, altså før første møtet om hausten.