Denne veka er det den Europeiske mobilitetsveka, og Eid kommune oppmodar alle tilsette i Eid kommune å gå eller sykle til jobben.

– Føremålet er å få fleire i aktivitet og færre bilar på vegen. Sjølv er eg blitt flinkare til å sykle på jobb, det er ein god start på dagen, seier Alfred Bjørlo.

Kjempepopulært

Det siste året har Rickshaw syklar blitt kjempepopulært på eldreinstitusjonar rundt om i landet.

– Det har teke heilt av, og no har vi fått to syklar. Ein her på Eid sjukeheim, og ein skal vere på Eid eldretun. Det er meininga at både tilsette, pårørande, og frivillige kan ta med passasjerar med ut på tur. Dei er stabile, men alle som skal sykle på dei må få opplæring, forklarer Astrid Grete Torheim på Eid frivilligsentral.

Torheim har gjennom frivilligsentralen rekruttert tre sykkelvener, der ein av dei er ordførar Alfred Bjørlo. Ho håpar fleire melder seg, og seier alle som vil skal få opplæring.

– Ja, eg har meldt meg som sykkelven, og vil sånn innimellom å ta med bebuarar som har lyst ut på sykkeltur. Det treng ikkje alltid vere så mykje som skal til, men viss mange stiller opp som sykkelvener så betyr det veldig mykje, det vil hjelpe folk til å komme seg ut. Og gjer det muleg for alle aldersgrupper å komme ut på sykkeltur, seier Bjørlo.

Veldig kjekt

Dei bebuarane som torde å prøve seg på ein tur sa at dette var veldig kjekt, pånær ein, som ikkje syntest dette var noko for ho. Else Marie Nilsen var første person ut på prøvetur, og steig om bord med raud løpar.

– Dette var veldig kjekt. Eg torer ikkje sykle sjølv, så det var betre for meg å sitte på. Det gjekk i passeleg fart, og eg kunne tenkt meg å prøve igjen, seier Else Marie.

Bergljot Solheim fekk også prøve ein tur med ordføraren, og fekk låne jakka til Else Marie Nilsen.

– Det gjekk fint, det var ein flink sjåfør, seier Bergljot etter turen.

Investeringa i to nye syklar, ligg på omlag 80.000 kroner per sykkel.

Else Marie Nilsen sit på medan May Britt Bjorøy syklar. Sykkelen har ein liten elmotor, som gjer eit ekstra puff i oppoverbakkane. Foto: Anita Ingebrigtsen
Både passasjer og sjåfør fekk velfortent applaus ved ankomst Eid sjukeheim. Foto: Anita Ingebrigtsen
Kjekk sykkeltur med dei eldre på Eid sjukeheim. Foto: Anita Ingebrigtsen
Alle som hadde lyst på ein sykkeltur fekk vere med. Eid frivilligsentral vil gjerne ha fleire frivillige sykkelvener. Foto: Anita Ingebrigtsen