I vinter kontrollerte Statens vegvesen 16 300 busspassasjerar for beltebruk. 3 600 passasjerar sat usikra. Statens vegvesen trur mørketala er store.

Filmen «Barnekontrolløren» ser du her!

− Utan belte er du til fare for deg sjølv og dei du reiser saman med om det skulle skje ei ulykke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig verkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

Høg bevisstheit, låg bruk

Berre éin av to seier at dei hugsar beltet i bussar med belte. Samtidig er heile 87 prosent klar over at det er påbode å bruke belte i buss når det er montert.

− Skadepotensialet i buss er enormt om det skulle skje ei ulykke. I ein kollisjon er det sterke krefter som blir sett i sving. Beltet held passasjerane på plass i setet. Det kan redde liv, seier Lutnæs.

Åtte menneske blei drepne i bussulykker i tidsrommet 2014 til 2015. Fleire av dei omkomne kunne redda livet om beltet var på.

Ikkje belte i alle busser

Det finst fleire ulike busstypar, og ikkje alle har krav til belte. Busstypar utan krav til belte og med ståplassar, er meint for lågare hastigheiter og med hyppige av- og påstigingar. Regelverket er likt i hele Europa.

− At ikkje alle bussar har belte kan ikkje hindre oss frå å fortelje kor viktig det er å hugse beltet når du har det tilgjengeleg. Dei mest alvorlege bussulykkene vi har hatt i Norge har vore i bussar der det har vore belte, men der dei dessverre ikkje var i bruk, seier Lutnæs.

Film

I den nye filmen «Barnekontrolløren» har ei lita jente fått kontrollørjobben. Hun formidlar at om passasjerane ikkje festar beltet, kan dei utgjere ein fare for veslebroren hennar. Filmen vil bli vist på nett og i sosiale media.

− Om alle fester beltet kvar gong dei har det tilgjengeleg, er vi kome eit godt stykke på veg, seier Lutnæs.

Trenger påminningar

Busspassasjerar i alle aldrar som ikkje brukar belte, seier at årsaka er gamal vane og at dei gløymer det. Informasjon i bussen er avgjerande. Statens vegvesen utstyrer bussar over heile landet med informasjonsmateriell. I tillegg har bussjåføren ein viktig rolle.

− Vi høyrer stadig at påminningar frå sjåføren får det til å seie «klikk, klikk, klikk» bakover i seteradene. Ikkje ver redd for å seie frå til sidemannen heller. Du ønskjer ikkje å få sidemannen over deg om det skulle skje ei ulykke. Samtidig kan di påminning spare sidemannen for 1.500 kroner i gebyr, seier Lutnæs.

NHO Transport, Norsk Transportarbeiderforbund og Yrkestrafikkforbundet er samarbeidspartnarar til kampanjen.