Etter å ha skrive eit kritisk blogginnlegg om korn i hundefôr, har bloggar og åtferdsbiolog Kim Rio (34) frå Selje fått både blomster og drapstruslar. Føremålet med bloggen er å vere talerøyr for hunden og gje ei stemme til ei gruppe som ikkje kan snakke for seg sjølv.

– Mange hundeeigarar høyrer på veterinæren sin når dei spør om fôr til hunden sin. Veterinærar har ofte avgrensa kunnskap om fôr. Ofte vert hundefôret dei har i butikken sponsa av dei store fôrprodusentane, hevdar han.

Overfôring og diabetes største problemet for hund

Trendy med fôr utan korn

Kyniske fôrprodusentar

Rio meiner hundefôrprodusentane er kyniske i si marknadsføring av hundefôr, og hevdar: «Alle hundar, uansett rase, er frå naturens side kjøtetarar og bør i størst muleg grad ete kornfritt. Ein treng ikkje ein universitetsgrad i ernæring for å skjøne at industrielt bearbeidd, kommersiell kjæledyrmat basert på korn er svært langt unna det hundane våre ville ete om de levde i naturen.»

– Vi ser like ofte ein ulv gnagande på ein maiskolbe som vi ser sauar smattande på blodige kjøttbein. Hundar er ikkje skapt for å fordøye komplekse karbohydrata fordi fordøyelseskanalen deira er for kort og ikkje har den same evna til å bryte ned cellulose som f.eks. hestar og drøvtyggarar har. Måten mange hundar blir fôra på i dag, forårsakar ei heil rekke helseproblem for dei, seier Kim Rio i sitt blogginnlegg.

Drapstruslar

På få dagar etter det første blogginnlegget i mars, fekk Rio 36.000 unike lesarar, og sette i gang ei rekke sterke reaksjonar og heftige debattar på sosiale media. Det første blogginnlegget han publiserte «Galskapen bak kommersielt kjæledyrfôr» førte mellom anna til at han fekk: drapstruslar på telefon og e-post, reaksjonar frå verdas største kjæledyrfôrprodusent, 9.000 følgarar på Facebook på 16 timar,  300 nye venneførespurnader.

Kven er Kim Rio

Det er det dei fleste lurar på, og kvifor han kan skrive så kritisk som han gjer. Kva dokumentasjon har han for å hevde at dyrefôrprodusentar ikkje har greie på kva dei driv med. Kim Rio er 34 år, og kjem opphavleg frå Selje. No bur han i Bygstad på eit småbruk, og driv med raseoppdrett av hundetypen Whippet.

Rio har studert det meste av sitt liv, og er genuint oppteken av dyreåtferd, spesielt hund. Rio har ein bachelorgrad i medisin og psykologi. Han er åtferdsbiolog med bachelorgrad i dyreåtferd frå Exeter i England. Han har også ein diplomutdanning i kynologi, som er læra om hundedyret frå Oxford. I tillegg er han utdanna marknadsøkonom.

– Medan eg hadde ein nestleiar funksjon ved akuttmedisin på Haukeland sjukehus, starta eg med å pendle til England for å studere dyrevelferd. Etter ei stund fann eg ut at eg heller ville arbeide med dyr enn med menneske. Det gir meg meining å jobbe med dyr, og gje stemme til dei som ikkje kan gjere det sjølv. I 2016 var eg nasjonal spesialrådgjevar for Society for the Prevention of Cruelty to Animals. Eg er aktiv, og har verv, i utval og foreiningar som arbeider for god dyrevelferd og god dyreåtferd, fortel han.

Starta som ein kommentar

Det var tilfeldigheiter som gjorde at Kim Rio vart bloggar. Etter å ha skrive ein kommentar til eit spesifikt hundeformerke på deira Facebookside, bestemde han seg for å gjere informasjonen meir tilgjengeleg og oppretta ein blogg, spesielt med tanke på dei som kjøper kvalp av han.

– Etter at eg la ut det første blogginnlegget tok det fullstendig av i løpet av kvelden og natta. Det viser seg at dette betyr noko for folk. Nokre vart redde og lei seg fordi dei brukar dette fôret til sine kjæledyr, andre vart glade og positive over at nokon endeleg løfta problemet fram i lyset. Føremålet mitt var ikkje å få folk til å slutte å kjøpe tørrfôr til hundane sine, men lede dei over til å vere meir kritisk til kva som er i maten til hunden, poengterer han.

– Sjølv er eg vegetarianar og ingen skulle ønske så sterkt som meg at hundane kunne trivast utelukkande på agurk, bønner og tomat. Men som ansvarleg hundeeigar må ein berre innsjå at dyret man skaffar seg har heilt andre ernæringsmessige behov enn ein sjølv.

Sidan innlegget i mars har ting roa seg litt ned, men det dukkar innimellom opp nye debattar, når blogginnlegga hans vert delt av kjente folk. – Eg har fått blomster frå veterinærar som takkar meg for å ha sett søkelyset på dette. Ein er jo kritisk til kva ein sjølv puttar i munnen, og er ein glad i hunden sin, så tenker ein også over kva den puttar i seg, seier han. Foto: Privat