Torsdag vart dei tilsette i Fjordabladet orientert om den varsla spare- nedbemanningsplanen til Polaris Media.

− Trass i at Fjordabladet dei tre siste åra har gjennomført innsparingar, gjennom frivillige  mannskapsreduksjonar (førtidspensjonering) og frekvensendring på papirutgåva, er det vanskeleg å sjå at lokalavisa på Eid slepp unna ytterlegare innsparingar, seier Tormod Flatebø, redaktør og fungerande dagleg leiar, som ikkje vil vere meir konkret på kva dei økonomiske utfordringane er for Fjordabladet.

300 millionar

Selskapet fekk auka abonnementsinntekter i andre kvartal, men annonseinntektene fall med 12 prosent – 23 millionar kroner – til 180 millionar.

Det fører til at selskapet planlegg å gjennomføre nye, resultatforbetrande tiltak i storleik 300 millionar kroner som skal realiserast innan 2020. 120– 150 millionar med effekt allereie i 2017. Mens delar av dette er inntektsforbetringar som følgje av satsingar innan annonse, brukarmarknad og siviltrykk, må tilsette i dei mange selskapa innstille seg på nedskjeringar.

Frivillige ordningar

– Ein vesentleg del av resultatforbetringane vil også måtte skje i form av nedbemanning. Det er lagt til rette for at nedbemanninga skal kunne skje gjennom frivillige ordningar. Styret har gitt ei samla investeringsramme på omtrent 125 millionar kroner for å kunne gjennomføre frivillig nedbemanning, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Polaris Media kallar seg det leiande mediekonsernet frå Nordfjord til Finnmark. 35 mediehus inngår i konsernet, blant anna Adresseavisen, Sunnmørsposten og Harstad Tidende.