Hjelle skule nytta det fine vêret ein av dei første skuledagane i haust til å ta seg ein tur på Hjellesetra. Då dei starta turen, var det skodde, men den letta etter kvart, og på tilbaketuren var det strålande sol.

Dei største og sprekaste elevane tok seg også ein svipptur opp på Rindehornet når dei likevel var i farta opp bakkane.