Han dukka opp i Ålfoten for fire, fem år sidan. Sidan har han vore fast gjest i bygda, og kjem til alle årstider. Bukken Oskar er nærast for ålfotar å rekne, og er i dag blitt ven med dei fleste i bygda. Ikkje minst med Astrid Johanne Midthjell, som har den tamme bukken utanfor huset sitt mest kvar dag.

Lever godt

–Han er som regel utanfor huset mitt om morgonen når eg står opp. Då går han og beiter på innmarka rett utanfor stoveglaset mitt. Eller han held seg oppe i skogkanten, fortel Astrid Johanne Midthjell (69) som bur på garden Myklebust om lag midt i bygda Ålfoten. Der har ho eit lite småbruk som i dag ikkje er i drift. Før hadde ho sauer, men no er det ingen husdyr på garden. Men altså med unntak av hjorten Oskar, som no har slått seg ned rundt huset hennar.

–Alle her i Ålfoten kjenner til han Oskar no, og det er mange som er interessert i å sjå på hjorten, eller fotografere han. Men han Oskar tek stort sett merksemda med stor ro. Nokre gonger løfter han hovudet og ser på meg når eg kjem ut på tunet, men det er ikkje lenge før han held fram med å forsyne seg av enga her. Han lever godt og er i godt i stand av alt graset han kan fråtse i, seier Astrid.

Seksgreiner

Og Oskar er blitt ein staseleg kar som har klart å begeistre fleire i bygda. Heile tolv taggar på horna har han fått, og er blitt ein vaksen seksgreiner. Faktisk er han blitt så populær at jegerane i Myklebust jaktlag ikkje har hjarte til å skyte han. Jostein Myklebust i jaktlaget seier i alle fall at han ikkje har tenkt å sikte mot den nye attraksjonen i bygda.

–Her i Myklebust jaktlag startar vi opp med første jaktdag laurdag 10. september. Vi jaktar berre i utmarka og driv ikkje med jakt på bøen. Men om han Oskar skulle dukke opp innanfor vårt område vil vi nok la han gå i fred. Eg skal nok klare å kjenne han att, og unngå å skyte mot han. Men eg kan ikkje garantere at alle jegerane klarer å skille han ut. På den andre sida har han hatt ein tendens til å halde seg unna vårt jaktområde i sesongen. Så det blir vel gjerne slik i år også, seier jeger Jostein Myklebust.

Fotomodell

Men sjølv om Oskar kanskje slepp unna skarpe skot, er han likevel i skotlinja. No er det fotografar, og ikkje jegerar som prøver å fange han i linsa. Fleire er ute om kveldane for å få blinkskot av hjorten, og bilda blir flittig lagt ut på facebook og andre sosiale media. Han er kanskje blitt den mest fotograferte ville hjorten er i landet? Ein av dei ivrige fotografane er i alle fall Rune Ripe. Han har fotografert Oskar til mange ulike tider på døgnet, og står også bak desse flotte bilda på sida her.