− Dette er godt. Det skulle vore så fint når vi hadde sommarferie også, seier Mari Kamdal Ramslien og Miriam Olin Leivdal.

Dei er akkurat ferdig på skulen og har teke turen til Eidsgata for å nyte sola og varmen. Med seg har dei både kjeks og mat.

− Vi kosar oss, fortel dei.

Sommar

Dei er ikkje aleine om å kose seg. Denne veka har det vore strålande sol og fine temperaturar på Eid. Det er ikkje akkurat kvardagskost på Vestlandet, og vestlendingane veit å nytte solstrålane dei får. Denne veka har blitt nytta til det fullaste. Spesielt Sagaparken har vore ein populær stad for både store og små. Kanskje ikkje så rart sidan det er gode badetemperaturar i sjøen.

Neste veke

Det ser ut som at sommaren ikkje er heilt over enno. Både Storm og Yr melder sol i helga og store delar av neste veke. Temperaturane vil halde seg på rundt 20 grader også neste veke ser det ut som.