Den kjende og kjære teikneserien Knøttene inntek Operahuset Nordfjord. Vi skal endeleg frå møte dei små og artige livsfilosofane i «ein vanleg dag» i Charlie Brown sitt liv. Dei er på veg frå det amerikanske nablolaget sitt til ei fjordbygd på Vestlandet.

Nordfjordmål

Og snart skal  dei kjende, amerikanske replikkane bli til kjende ord og uttrykk på klingande nordfjordsk, med god hjelp av omsetjar Jostein Avdem Fretland. Den siste helga i november er alle endeleg framme i sitt nye nabolag i Operahuset Nordfjord, og det blir premiere med Charlie Brown, Lucy, Sally, Linus, Schroeder og Snoopy på scena.

Revidert versjon

Musikalen om Charlie Brown blei skriven i 1967, altså snart femti år sidan, og hadde store suksess på Broadway. I 1998 kom ein ny, revidert versjon, som altså blir Opera Nordfjord si familiesatsing til hausten. Undertittelen «Ein dag i Charlie Brown sitt liv», tyder akkurat det den seier: skildringar av små hendingar, frå Valentine`s day til baseball-kamp, frå vill optimisme til yttarste fortvling, kjæleikssorg og veslevaksne tankar i unge barnesinn. Her er mykje å gle seg til og å kjenne seg att i, både for liten og stor. På scena blir det både dialog, song og dans, akkompagnert av profesjonelt orkester. Regi og musikalsk leiing blir ved Michael Pavelich.

Tre framsyningar

Charlie Brown blir vist i kultursalen i Operashuset Nordfjord fredag 25., laurdag 26. og søndag 27. november.