− Eg har vakse opp i fjæra her og då bada vi nedanfor kyrkja. No har vi fått badeplassen igjen noko som er litt rørande og heilt utruleg, seier Irene Wedvik.

Saman med Grethe Totland har Wedvik teke turen til Sagaparken for å nyte sola. Med seg har dei kaffi og kringle.

− Her kosar vi oss med mat og drikke i sola. Det er morosamt å sjå på endene. Det er faktisk ein andefamilie på ni eller ti stykker her som det er svært kjekt å kikke litt på, smiler Wedvik.

− Vi er så neldige så har noko så fint, legg ho til.

Til sjøen

Før sat Totland og Wedvik gjerne i kyrkjeparken å kosa seg med mat og drikke, men etter at Sagaparken kom har det vore der dei to har gått.

− No går vi ned til sjøen i staden. Det har blitt veldig fint her, spesielt for oss som er pensjonistar, seier Totland.

− Eg trur dette vil vere ein populær stad for både barn og eldre, legg ho til.

Både Wedvik og Totland trur Sagaparken vil vere eit trekkplaster for Eid.

− Det er kjekt for dei unge med strand, leikeplass og volleyball. Det blir veldig fint, seier Wedvik.

− Vi har snakka med turistar som har vore overraska over at det var så fint her, legg Wedvik til.

Ein av dei første

Denne veka har det vore temperaturar over 20 grader og strålande sol. I sommar har det ikkje vore mange dagane utan regn og temperaturar over 20, og eidarane veit å nyte solstrålane.

− Eg trur faktisk eg var ein av dei første som var ned å bada på stranda, seier Wedvik.

Det var tidlegare i sommar då det var ei lita periode med sol og fine temperaturar. Rundt Malakoff var det også mykje folk i Sagaparken og stranda. Den gongen var ho ute i sjøen i over 30 minutt.

− Det var vel rundt 19 grader i sjøen så eg var ute i ein halvtime å svømte langs med stranda, smiler Wedvik.

No håpar ho at vêret held seg slik at det blir ein badetur til før hausten kjem.

− Dersom det blir fint vêr så må eg berre ut i å bade. Då det var fint vêr tidlegare i sommar bada eg kvar dag.

− Kanskje eg og vil bade litt. Eg er svært glad i å bade, smiler Totland.

Badestranda er mykje brukt når det er sol og fine temperaturar. Foto: Olin Maria Yri