Utrykkingspolitiet melder at dei har avslutta ein trafikkontroll på Skipenes i Eid i ettermiddag. Resultatet vart at to førarar fekk førelegg på grunn av for høg fart i 60-sona. Høgste fart vart målt til 73 kilometer i timen.

Fire førarar fekk også gebyr for manglande bruk av bilbelte.