Mannen er sikta for å ha leigd ut i alt 16 husvære til prostitusjon. Under ein razzia i ein framleigd leilegheit i Bergen i april i år kom politiet over fleire prostituerte, skriv Bergens Tidende. Det er NRK.no som melder at den sikta mannen er frå Nordfjord. Politiet tok til å rulle opp saka i vinter. Etter kvart viste det seg at saka hadde forgreiningar til Oslo og Trondheim. Det handlar om åtte husvære i Bergen, sju i Trondheim og eitt i Oslo. I alle husværa har det vore utanlandske kvinner, skriv NRK.no.

Strafferamme på seks år

Det mannen frå Nordfjord er sikta for har ei strafferamme på seks år. Han er sikta for å ha brote paragraf 315 i den nye straffelova av 2005. Paragrafen handlar om utleige av lokale der utleigaren forstår eller bør forstå at dei skal brukast til prostitusjon. Per Magne Kristiansen er forsvarar for nordfjordingen. Han stadfestar at klienten hans har vedgått delar av siktinga, skriv NRK.no.

– Han har vedgått at han i ein periode har leigd ut husvære som har vore brukte til prostitusjon. No er siktinga blitt litt meir komplisert og omfattande enn i utgangspunktet, men det kan likevel hende at saka kan bli avgjort ved tilståingsdom, seier Per Magne Kristiansen til NRK.no.