−Hesten ville rett og slett ikkje bæsje, så etter to timar fekk han lov å reise heim att til Fjordhestsenteret og så trekte vi ein vinnar blant alle som deltok.

Dette seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo som samstundes opplyser at den heldige vinnaren som vart trekt ut er Knut Roger, som får ein ridetime på Norsk Fjordhestsenter.

− Ekstra artig er det at han er ein komande innflyttar til Eid: Han bur på Austlandet i dag, men skal gifte seg med ei eida-jente og flyttar til Eid over sommaren. Jobb har allereie ordna seg - og no kan han snart ri også!

Her har vi hesten som rett og slett var for høfleg til å legga att hesteperler i Eidsgata. Foto: Tormod Flatebø