–  Vi fekk ideen frå Arnt Ivar, slik at folk kunne ha drikke lett tilgjengeleg, fortel Erik Espelund. Stasjonen er ein kvadratisk boks med innlagt rør frå vassleidning og to drikkekranar. Under kranane er det ei grov rist og under er det sandfang og kumme, slik at ein unngår søl og skit rundt.

På utsida av boksen er det reklame for Eid kommune, så i tillegg til å vere nyttig, får ein også profilert kommunen og at vatnet er frå Fossane.

–  Drikkestasjonen er ein solid konstruksjon. Den er flyttbar og kan også brukast i andre samanhengar, seier driftssjef i Eid kommune, Tore Nyhammer Taklo, som er godt fornøgd med jobben som dei tilsette har gjort.

Driftsavdelinga i Eid kommune gjer ein viktig jobb for å få alt klart til Malakoff Rockfestival, og har mellom anna laga og montert drikkestasjon. Bak frå venstre: Driftssjef Tore Nyhammer-Taklo, Eid-ordførar Alfred Bjørlo, Hans Petter Vereide og Dag Petter Leite. Foto: Anna Wuttudal
Eid-ordføraren testar den nye drikkestasjonen. Foto: Anna Wuttudal