Lefdalsnes fortel at det er mykje moltekart i år, og det blir nok mange fleire turar og kilo før sesongen er over. Molteplassane vil han sjølvsagt ikkje ut med, og det er slett ikkje berre moltemyrer som gjeld, ein kan også finne godt med bær på tørre rabbar.

–  Ein turr og varm juni har tydelegvis passa molta godt. Så har ein tid og ork så er det berre å leggje i veg ut i marka, og finne ei lagleg nordvendt skråning, gjerne over skoggrensa. Då er sjansen stor for å finne «viddas gull», seier Lefdalsnes.