Kommunestyret har tidlegare vedteke bygging av nytt ventilasjonsanlegg ved Eid eldretun. Dette  vart godkjent med ei ramme på fem millionar kroner, eksklusive moms. Ved innhenting av tilbod syner det seg at ramma ikkje held, og at det difor er naudsynt med ei tilleggsløyving på 1,2 millionar kroner. Det er ei kjent sak at det har vore store problem med høg temperatur og dårleg ventilasjon på eldretunet i mange år, og frå politisk hald har saka blitt utsett fleire gonger. I kommunestyret gav alle parti klart uttrykk for at ein vil gjere nødvendige tiltak på eldretunet. Usemja dreier seg om når ein meiner at det er rett at eit politisk vedtak bør kome.

Ulike syn på utsetting

Fleire representantar frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet gav uttrykk for at ein no bør gjere eit vedtak i saka, og at ei utsetting reelt sett vil vere akkurat det. Representantar frå andre parti meiner at ein bør avvente investeringa med ventilasjonsanlegg til ein ser resultatet av kartlegging av bruksområde for Eid Eldretun, som ein føreset vil kome tidlegast råd til hausten i år. Vidare at ein uansett ikkje kan kome i gang med bygginga før ut på hausten, og at ein stiller spørsmål ved priskalkylane for prosjektet. Det alle parti er samde om, er at ein som eit strakstiltak skal gjennomføre solavskjerming på fasade sør på eldretunet.

Samanlikna med seawalk

I rådmannen sitt framlegg blir det gått inn for at ein aukar ramma for investeringa med 1,2 millionar kroner. Dette framlegget fall i formannskapet. Der fekk eit fellesframlegg frå Høgre, Venstre og Krf, fremja av Tore Hjelle fleirtal. I dette vedtaket heiter det at ein 1) avventar investering av ventilasjonsanlegg til ein ser resultatet av kartlegging av bruksområde for Eid Eldretun. Ein føreset at den nye vurderinga kjem tidlegast råd til hausten 2016. 2) Som eit strakstiltak vert det gjennomført solavskjerming på fasade sør. Dette vert utført innanfor ei ramme på kr 600.000 jfr. saksutgreiinga.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet fremja på nytt rådmannen sitt framlegg.

– Vi veit der vil vere tilsette og bebuarar i framtida, og det blir ikkje rimelegare ved å utsetje. Ein må også setje ting i perspektiv når det gjeld pengebruk, sa Anne Tove Thorsnes (Ap), og viste til viljen til kommunal pengebruk når det gjeld seawalken. Ho sa også at eit betre klima vil vere eit tiltak for å få ned sjukefråværet på eldretunet.

Reagerer på prisen

Tore Hjelle (H) meiner at ein ved å følgje rådmannen sitt framlegg vil risikere å få ei løysing som både er dyr og dårleg.

– I utgangspunktet er fem millionar frykteleg mykje for ventilasjonsanlegg for deler at eldretunet. Så kjem ein ekstrakostnad på 1,2 millionar. Dette meiner eg er uforholdsmessig høge summar, og det vil vere feil å gjere eit hastevedtak no når det uansett ikkje vil kome på plass i sommar, sa Hjelle, og viste til kartlegginga av bruksområdet for eldretunet.

– Vi vil få svaret på hausten. Dersom det blir kontor, må ventilasjonsanlegget gjerast om. Vi kan ikkje vedta igangsetjing av ei så stor investering, når vi kan få millionbeløp seinare på korrigering, sa Hjelle, som er positiv til solskjerming som eit strakstiltak.

– Når det gjeld temperaturen er det meir effektivt å ikkje sleppe inn varme enn å kjøle. Derfor er solskjerming uansett fornuftig, uavhengig av framtidig bruk av eldretunet, sa Hjelle.

Refsa KrF

Sissel Ommedal (KrF) opna sitt innlegg med å understreke at partiet ikkje har bunde seg til å stemme med V, H og Frp i alle saker, gjennom avtalen som vart gjort valnatta i fjor, men at ho uansett ville stemme likt med dei i denne saka.

– Årsaka er at det vil skje ei snarleg avklaring på kva eldretunet skal nyttast til, og at ein kan finne ei billegare og meir energieffektiv løysing, sa Ommedal.

Dette fekk Rolf Lefdal (Sp) til å reagere.

– Saka har lagt på kvil sidan 2010. Det kan vere 42-43 grader på kjøkenet, sjølv med solskjerming. Eg håpar KrF ser verkelegheita og snur i denne saka, sa Lefdal.

Stor skepsis

Margot Åsebø (V) støtta innstillinga frå formannskapet.

– Det er snakk om få månader før bruksområdet for eldretunet er avklart. Derfor er eg skeptisk til å bruke 6,2 millionar kroner på det som kan vere ei midlertidig løysing. Eg er også skeptisk til heile prisoverslaget for ventilasjonsanlegget, sa Åsebø.

Siri Sandvik (Ap) meiner at det ikkje er noko klart svar i saka.

– Det er argument for begge løysingane. Det er påstandar om auka kostnader ved utsetting, og det er påstandar om auka kostnadar ved igangsetting. Arbeidarpartiet går for igangsetting no, sa Sandvik, og viste til Arbeidstilsynet sine merknader frå seks år sidan.

– Dette er eit eksempel på at dei enkle tinga blir ikkje gjort i påvent av dei store løysingane. Her er det ulike vurderingar av kva som vil vere den beste løysinga. Eg er redd for at vi gjer oss sjølve ei bjørneteneste om vi set i gang no, sa Alfred Bjørlo (V).

Heit debatt

Rådmann Åslaug Krogsæter understreka at ein ikkje får ventilasjonsanlegg på plass i sommar uansett, men at ein snarleg skal få på plass solskjerming. Ho karakteriserte saka som ei «ulykkeleg sak», men at ho også ser at det kan vere greitt å gje seg sjølve to-tre månader ekstra, i påvent av avklaring av bruksområde for eldretunet, og at dermed kunne støtte framlegget som går i mot rådmannen si innstilling i saka.

– Det verkar som om rådmannen går vekk frå sitt eige framlegg, sa Rolf Lefdal (Sp) i ein replikk.

– Eg trudde det var rådmannen si oppgåve å gje råd til kommunestyret, svara Krogsæter, i det som etter kvart vart ein sjeldant heit debatt.

– Det verkar som om Arbeidarpartiet og Senterpartiet trur at dette er eit utsetjingsframlegg. Det er tvert imot snakk om å få ein betre prosess og resultat. De bør tenkje over kva det driv på med, sa Lars-Svein Drabløs (Frp).

Tore Hjelle gjekk så langt som å seie at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i denne saka berre er opptekne av å vise seg for veljarane, og at dei heller burde vere opptekne av å bruke kommunale pengar på best muleg måte. Siri Sandvik (Ap) var ikkje særleg fornøgd med uttalane til Drabløs og Hjelle.

– Det er argument for det eine og andre. De bør vere for gode til å vere nedlatande overfor Arbeidarpartiet, sa Sandvik.

Vedtaket

Arbeidarpartiet og Senterpartiet fremja på nytt rådmannen si tilråding. Framlegget fekk 13 røyster og fall. Innstillinga frå Formannskapet fekk 16 røyster og vart vedteken. Dermed vart dette det endelege vedtaket i saka:

1) Ein avventar investering av ventilasjonsanlegg til ein ser resultatet av kartlegging av bruksområde for Eid Eldretun. Ein føreset at den nye vurderinga kjem tidlegast råd til hausten 2016.

2) Som eit strakstiltak vert det gjennomført solavskjerming på fasade sør. Dette vert utført innanfor ei ramme på kr 600.000 kroner.