Siste dag i jubileumsveka vart nytta til å snakke om korleis utviklinga har vore for institusjonane dei siste åra, og kva utfordringar ein ser framover. Ikkje minst i forhold til endringar i kommunestruktur og regionsgrenser.

− Endringar i kommunestruktur som fører til lågare pasientgrunnlag får konsekvensar Folketalsgrunnlaget er ikkje større enn det må vere med dagens struktur. Ved endringar i kommunestruktur kan det bli vanskeleg å oppretthalde dagens tilbod i Nordfjord, og kanskje også på fylkesplan, sa Jon Bolstad som understreka at Helse Førde i dag har ein modell og eit tenestetilbod som er god tilpassa dagens situasjon i Sogn og Fjordane.

Dårlegare tilbod

Jon Bolstad peikte vidare på at dersom pasientgrunnlaget blir mindre i Nordfjord så kan grunnlaget for «God start»-ordninga bli svekka, som igjen kan få konsekvensar for jordmortenester og at det vil bety eit dårlegare tilbod for gravide og fødande.

− Endringar kan også føre til at grunnlaget for ambulansetenester og beredskap  blir endra. At det vil bli mindre grunnlag for avtalespesialistar lokalt, og endra grunnlag for sentralsjukehusfunksjonar i fylket. Endringar kan også påvereke interkommunale tenester som legevakt, legevakttelefon, strakshjelpsenger og kreftkoordinator. I tillegg kan helseføretaket få mindre høve til kompetanseoverføring og rettleiing overfor kommunane, sa Jon Bolstad som peikte på kommunane står overfor store oppgåver i åra framover.

− Samarbeidet med kommunane om akutt-tenster innan psykisk helse og rus vil truleg kunne vidareførast, sa han.

Sjukehusplanen?

Til samlinga som var lagt til storstova på Nordfjord Psykiatrisenter hadde jubilantane, Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter invitert ordførarar, rådmenn og etatsjefar i dei kommunale helsetenestene. Ordførarane frå kommunane Eid, Vågsøy, Selje og Hornindal var tilstades. Eid var også representert med rådmann og kommunesjef i helse og sosial. Eid-ordførar Alfred Bjørlo spurde Bolstad om sjukehusplanen ville få konsekvensar for Nordfjord sjukehus?

− Til det vil eg seie at de er heldige som har hatt utviklingsprosjektet. I dette ligg det eit godt grunnlag for å utvikle sjukehuset vidare, og ikkje minst møte utfordringane som er knytt til utvikling av «pasientens helseteneste», sa Bolstad.

− Det som er viktig når vi ser framover, er at vi greier å lage tilbod som ikkje er robuste, varige og tilpassa behov i befolkninga. Ikkje tilbod som er av og på, sa han.

Godt samarbeid

− Folk i Nordfjord brukar psykiatrisk sjukehus i mindre grad ann alle andre i Norge, sa Trond Aarre, overlege i psykiatri og leiar for Nordfjord Psykiatrisenter, då han summerte opp kva kommunane i Nordfjord og Nordfjord Psykiatrisenter har fått til saman.

− I 2014 nytta innbyggarane i Nordfjord 42 prosent opphaldsdøger i institusjon enn landsgjennomsnittet. Brauken av dei dyraste og mest inngripande tenesten er svært låg. Nordfjordingar blir ikkje køyrde bort når dei får det vanskeleg. Treng dei innleggng, får dei det vanlegvis lokalt - på Nordfjord psykiatrisenter, sa Trond Aarre som gav honnør til kommunane i regionen.

Lågaste ventetid

− Spørsmålet er korleis det har blitt slik? Kommunane har bygd opp gode tilbod for dei med psykiske lidingar, slik at dei i dag meistrar oppgåver som andre stader i landet må løysast på sjukehus. Nordfjord Psykiatrisenter støttar opp under dette ved å gjere sine tenester lett tilgjengelege, arbeide side om side med dei tilsette i dei kommunale tenestene og samarbeide med kommunane om styrking av kompetansen, sa Trond Aarre som også fortalde at Nordfjord Psykiatrisenter har dei lågaste ventetidene i Helse Førde.

− Vi kjenner ikkje til noko Distriktspsykiatrisk senter som har kortare ventetider enn det vi har i Nordfjord. Tenestene er tilgjengelege gjennom heile døgeret. Det ambulante teamet vårt, ei løysing vi fekk til i samarbeid med kommunane, er døgnope. Den tillitsfulle samhandlinga kommunane i mellom og mellom kommunane og psykiatrisenteret er eit godt utgangspunkt for vidare forbetringsarbeid, sa Aarre som uttrykte eit sterkt håp om at kommunane også i framtida sluttar opp om spesialisthelsetenestene på Nordfjordeid.

− Saman kan vi oppnår resultat som det er uråd å få dersom vi skal gjere dei kvar for oss.

Handle lokalt

Siste mann ut var administrativ leiar ved Nordfjord psykiatrisenter, Gunvald Ludvigsen.

− Dersom vi skal oppretthalde dei gode tilboda vi har så må vi nytte dei. Det handlar om lojalitet. På same måte som at vi handler lokalt for å støtte opp om lokalt næringsliv, sa han.