I utgangspunktet var det nokre av politikarane i kommunestyret som ikkje ville handsame saka då den kom opp fordi ein meinte at den var i strid med kommunale vedtekter.

– I dag kan ikkje eg røyste for ein intensjonsavtale med Hornindal og Stryn. Bakgrunnen for det er at den aldri har blitt politisk debattert i Volda kommunestyre. Den har heller ikkje vore innom formannskapet, sa Odd A. Folkestad (Frp).

Men trass i mykje diskusjon fram og tilbake vedtok eit fleirtal i kommunestyret i Volda å jobbe vidare med intensjonsavtalen om kommunesamanslåing med Hornindal og Stryn. Kommunestyret vedtok også at det skal gjennomførast ei innbyggarundersøkjing. I tillegg vedtok kommunestyret å søkje fylkesmannen om utsett frist til å bli ferdig med kommunereformarbeidet.

Kommunestyret var tydleg prega av at prosessen med Ørsta vart lagt død gjennom folkerøystinga. Den av politikarane i Volda kommunestyret som sette klarast ord på situasjonen var Andres Strøm frå Kristeleg Folkeparti som uttrykte seg slik då han oppsummerte diskusjon før kommunestyret røysta over ei rekkje framlegg.

– Det meste som har vore sagt her i dag kan summerast opp i eitt ord: Lapskaus, sa kommunestyrerepresentant Anders Strøm (KrF) i ein debatt som var prega av rådville politikarar.

Meir om denne saka i Fjordabladet tysdag

Gruppa til Framstgspartiet røsta mot intensjonsavtalen. – I dag kan ikkje eg røyste for ein intensjonsavtale med Hornindal og Stryn. Bakgrunnen for det er at den aldri har blitt politisk debattert i Volda kommunestyre, sa Odd A. Folkestad (nummer tre frå venstre.) Foto: Tormod Flatebø
Ordførar Jørgen Amdam ser svært betenkt ut. På talarstolen Erlend Krumsvik (Krf) Foto: Tormod Flatebø