Tormod Hvattum har vore politimann i til saman 40 år. Dei siste 10 åra som lensmann i Vågsøy. Han har både vore betjent og førstebetjent i Vanylven før han vart lensmann der i 1997. Sidan 2011 har Hvattum fungert som regionlensmann for Eid, Stryn, Hornindal, Vanylven, Vågsøy og Selje. I starten av karrieren var han politibetjent i Oslo. Og han var også den først norske politimann som tenestegjorde i FN-tenesta i Namibia i 1989 og 1990.

– Då eg var 15 år budde eg saman med familien to år i Afghanistan. Far min jobba for UNESCO i FN, eg hadde lyst til å gjere noko av det same sjølv, difor reiste eg til Namibia. Eg sende alle dyra på slakteriet før eg reiste. Kona gjekk heime gravid, og vi måtte greie oss sjølv der ute i bushen. Eg fekk berre vore heimom ein gong i løpet av den tida, minnast han tilbake.

Mental hygiene

Svigerfaren hadde ein gard som stod tom på Thue på Åheim. Sidan han sjølv hadde stor interesse for gardsdrift bestemde dei seg for å flytte til Åheim og ta over garden og drive den.

– Fjøset er mitt eige prosjekt, eg trur ikkje kona veit kor fjøsdøra er eingong, seier han ironisk, og legg til; det er ei flott avkopling etter arbeid og mental hygiene. Der får eg jobbe fysisk, og det er godt å stå å sjå utover sitt eige gardsbruk. Eg er jo ein aktiv kar, seier han.

Litt over gjennomsnittet interessert

Tormod har alltid drive med fotball og spelte i 37 år på A-laget. Han har spelt på fleire lag, men lengst på Åheims A-lag, der var han fram til han var 55 år. Han har også vore fotballtrenar og er generelt svært oppteken fotball og idrettshistorie. I tillegg er han ihuga Manchester United-fan, noko som skiltet over skrivebordet vitnar om.

– Det er litt for mange Livepool supporterar her, så det var bra at Manchester United kom føre dei på Premier League tabellen i år. Så var det godt at det var underdogen Leicester City som vann, når no ManU ikkje gjorde det. Men det var litt leitt at vi ikkje greidde fjerdeplassen.

No ser det ut til at Mourinho blir ny trenar for ManU, kva tenker du om det?

– Det trur eg blir bra, men det er jo ikkje avgjort endå. Van Gaal mangla litt karisma, var litt kjedeleg. Det som kjenneteiknar ein god trenar er at han skal dele ut av sin eigen energi, noko eg føler Van Gaal mangla.

Aldri angra på vegval

– Det er i grunnen tilfeldigheiter som gjorde til at eg vart politimann. Då eg kom i militæret hamna eg i Militærpolitiet i Vatneleiren i Stavanger. Der fekk eg militærpoliti utdanning med til dømes straffelov m.m. Vi var med på patruljering blant militære, men også med sivil politi. Dette fenga interessa mi, og etter militæret søkte eg på politiskulen, som det heitte den gong.

Han har aldri sett seg tilbake og angra på yrkesvalet han tok.

Då han tok over som Lensmann på Eid, etter Moa, vart han møtt med blomster frå Eid-ordføraren Alfred Bjørlo. Og han vart også godt teken imot av dei tilsette på kontoret.

– Eg trivst godt, og det var et smart trekk å komme med blomster, då følte eg meg velkommen frå første stund. No har eg sat mitt preg innad på kontoret her. Utad, så har eg ikkje mål om å gjere så mange nye ting. Vi har vakt, beredskap og kjem til å halde fram med kontrollar. Målet er at vi skal bli meir synlege, komme oss meir ut og drive meir med førebygging.

Kva skjer i 2017?

Norsk Politi er i ferd med å gjennomføre omstruktureringar og moderniseringar, den såkalla nærpolitireforma. I påvente av denne strukturendringa er det uvisst kva som skjer med dei lokale lensmannskontora. Dei nye lensmennene som er tilsette vil berre vere lensmenn ut 2016.

– Vi må rekne med at ein del lensmannskontor forsvinn i startfasen av denne strukturendringa. Korleis vi ser ut her i Nordfjord i 2017, veit vi ingenting om enno. Men vi er sjølvsagt spente og utolmodige. Dette rører ved arbeidsplassane våre. Viss det berre skulle bli eit lensmannskontor i Nordfjord etter strukturendringa, så ville det jo Eid vere i det geografiske midtpunktet, og naturleg at lensmannskontoret låg her. Men det står att å sjå.

I dag er dei ni personar på kontoret, og 1. juli kjem det ein ny politibetjent inn i ei nyoppretta stilling. Elles er det lensmann, politiførstebetjent og fire politibetjentar, samt tre sivilt tilsette. I tillegg har dei ein stedsplassert jurist på plass.

Mange sterke inntrykk

Kva sak har gjort sterkast inntrykk på deg opp igjennom desse førti åra?

– Eg har sett mykjeopp igjennom tida, mange døde som har vore ille tilreitt. Men den sterkaste hendinga hugsar eg svært godt. Det var ei fire år gammal jente som omkom i ei trafikkulykke. Jenta hadde ingen synlege skader, men det som gjorde sterkast inntrykk var at eg sjølv hadde ei tilsvarande like gammal jente heime.

Ein annan sak han også har tenkt mykje på, er forsvinningssaka til Stig Are Kvalheim. Den 19 år gamle guten forsvann på havet 25. september 2007, då han skulle heim til Bryggja med båt frå Måløy.

– Det var godt å bli minna på desse sakene, eg har ikkje tenkt på dei på ei stund, avsluttar han.