Det er friidrettsgruppa i Haugen IL som er arrangørar, og dei stiller med fleire instruktørar på idrettsleikane. Arrangementet er eit aktivitetstilbod for born i regi av Norges Friidrettsforbund, som vert gjennomført av lokale klubbar og idrettslag. I Sogn og Fjordane blir slike idrettsleikar arrangert på Haugen, i Hyllestad og i Lærdal i år.

Tilbod til alle

Idrettsleikane har fokus på at borna skal få oppleve meistring, idrettsglede og treningsfelleskap, og er eit tilbod til alle. Idrettsleikane er basert på friidrett, og vil vere fylt av leik og moro. Born frå 1. til 7. klasse kan vere med, sjølv om dei ikkje har prøvd friidrett før.

Tidspunkt for leikane er fredag frå fem om ettermiddagen til åtte om kvelden, og laurdag og søndag frå ti om morgonen til fire om ettermiddagen. Etter lunsj på søndag blir det ein uhøgtidleg konkurranse for deltakarane.

Til vanleg har friidrettsgruppa i Haugen IL treningar på Klenkarberget for 1.-4. klasse tysdagar, og for 5. klasse og eldre tysdagar og fredagar.