Blant søkjarane er Alf Reidar Myrstad (49), Eid. Myrstad er i dag fylkeshovudtillitsvald i Utdanningsforbundet.

Dei andre fire søkjarane er Stig Helge Johannessen (63), Vågsøy. Johannesen er i dag studieleiar ved Måløy vidaregåande skule. John Heimvik (48), Vågsøy, utviklingsleiar, Måløy vidaregåande skule. Bente Olseth (49), Vågsøy, adjunkt med tillegg, Måløy vidaregåande skule. Den siste av søkarane, og som ikkje er knytt til vidaregåande opplæring, er 18 år gamle Endre Stendal frå Gulen. Hn er i dag røkter ved Firda Sjøfarmer AS.