Trusselen mot Hultqvist avverja i Sverige

Dei borgarlege partia i Sverige vart ikkje einige om eit mistillitsforslag mot forsvarsminister Peter Hultqvist. 

Leiarane i dei fire alliansepartia møttest torsdag for å sjå om dei kunne bli einige om ei felles linje. Men dei lykkast ikkje med det.

Centern og Liberalerna har begge komme til at det ikkje lenger er nokon sakleg grunn for mistillit til Hultqvist.

Sverigedemokraterna varslar likevel at dei framleis vil leggje fram eit mistillitsforslag mot Hultqvist denne veka. Leiar Ebba Busch Thor i Kristdemokraterna seier dei vil stemme for dette, mens Moderaterna ikkje vil seie kor dei står, før mistillitsforslaget blir fremja.

Bakgrunnen for striden er at det svenske transporttilsynet sette ut drifta av serverane sine til IBM i Irland, og at utanlandske IT-teknikarar utan klarering fekk tilgang til personopplysningar om hundretusenar av svenskar.

Statsminister Stefan Löfven har ofra to ministrar etter at Alliansen varsla mistillit mot dei. Men han har ikkje godtatt å skifte ut Hultqvist.

(©NPK)

Siste nyhende

FN: Færre flyktningar har komme frå Libya etter EU-avtale

Talet på flyktningar som har nådd Italia via Libya, har falle kraftig sidan EU inngjekk ein omstridd avtale med libyske styresmakter, opplyser FN.

Syrisk opposisjon gjentar krav om Assads avgang

Ei gruppe syriske opprørs- og opposisjonsgrupper krev enda ein gong at president Bashar al-Assad må gå av.

Argentinsk marine: Ubåt kan ha vore ramma av eksplosjon

Ein eksplosjonsliknande lyd vart registrert rett etter at den argentinske ubåten med 44 menneske om bord forsvann for ei veke sidan, opplyser marinen i landet.

Rwanda vil ta imot 30.000 migrantar utsette for slavehandel i Libya

Rwanda kunngjer at dei vil tilby seg å ta imot rundt 30.000 flyktningar som har vorte utsette for slavehandel av væpna grupper i Libya.

Sveits lover pengehjelp til EU-land 

Sveits vil gi 10,7 milliardar kroner i økonomisk hjelp til fattige medlemsland i EU.