Nye massegraver funne i Bosnia

Leivningar etter borgarkrigen i Bosnia har blitt henta ut av to massegraver som nyleg vart funne ved Koricanske Stijene og Vlasenica. 

Ein reknar med at offera var bosniske muslimar, ifølgje Den internasjonale kommisjonen for sakna personar (IMCP).

Den eine grava vart funnen ved Koricanske Stijene, der 200 muslimske og kroatiske menn vart massakrerte av serbiske styrkar i 1992. Rundt 40 ufullstendige skjelett har blitt henta ut av grava, ifølgje det bosniske instituttet. Tidlegare er det henta ut rundt 117 offer frå graver i same område, og instituttet leitar framleis etter 98 andre.

Den andre massegrava, der ein har funne ti skjelett, vart oppdaga i den austlege regionen Vlasenica. Ifølgje ulike organisasjonar for krigsoffer i Bosnia, vart om lag 2.600 bosniske muslimar frå Vlasenica drepne under borgarkrigen.

Over 100.000 menneske vart drepne og to millionar vart internt fordrivne i den brutale etniske konflikten i Bosnia mellom 1992 og 1995.

Då krigen slutta var rundt 31.500 menneske framleis ikkje gjort greie for. Sidan den gong har ein funne leivningane av over meir enn 25.000 offer i hundrevis av massegraver, ifølgje Det bosniske instituttet. Framleis er 6.500 menneske sakna.

(©NPK)

Siste nyhende

Kurdarane i Irak vil halde folkeavstemming trass motstand

Leiarane i Kurdistan nektar å avblåse folkeavstemminga om lausriving måndag, trass i truslar og åtvaringar frå mange kantar.

Corbyn: – Brexit-planane til regjeringa er framleis uklare

Regjeringa til statsminister Theresa May har framleis ikkje klargjort kva slags forhold Storbritannia skal ha til EU etter brexit, meiner Jeremy Corbyn.

Theresa May avviser EØS-løysing

EØS er ikkje godt nok for det britiske folk, meiner statsminister i Storbritannia Theresa May.

Båt med flyktningar forliste i Svartehavet – 15 døde

15 personar mista livet då ein båt med flyktningar forliste i Svartehavet utanfor Tyrkia tidleg fredag, melder kystvakta.

18-åring sikta for T-baneangrepet i London

Ein 18 år gammal mann er sikta for drapsforsøk i samanheng med sprengladninga som gjekk av i T-banesystemet i London førre fredag.