Noreg krev nye grensereglar i Schengen 

Noreg ber EU om å endre reglane slik at det blir lettare å innføre grensekontroll internt i Schengen-området. 

Noreg, Danmark, Tyskland, Austerrike og Frankrike har no sendt eit felles forslag til EU-kommisjonen om saka.

Der ber dei fem landa om meir fleksible reglar for indre grensekontroll i Schengen.

– Dette er ei tilpassing til den verkelegheita vi lever i. Det er ikkje ei juridisk verkelegheit, men den verkelege verda, seier Danmarks innvandringsminister Inger Støjberg.

Ho meiner kvart enkelt land må kunne innføre grensekontroll når det er behov for det, og behalde den så lenge det er behov for det.

I dag opnar regelverket for at det kan innførast mellombels grensekontroll i opptil seks månader dersom det oppstår alvorlege sikkerheitstruslar.

Den tidsgrensa er ikkje tilpassa dagens kontekst, der det eksisterer ein varig terrortrussel, skriv dei fem Schengen-landa i forslaget som no er oversendt til EU-kommisjonen. Dei krev at medlemsland må få høve til å innføre meir langvarig grensekontroll.

Noreg kontrollerer i dag ferjer som kjem til frå Danmark, Sverige og Tyskland, men EU-kommisjonen har kravd at denne kontrollen må avsluttast innan 11. november.

EUs innvandringskommissær Dimitris Avramopoulos meiner det ikkje lenger finst nokon god grunn til å forlenge kontrollen.

– Vi skal diskutere det med ministrane. Men eg meiner tida er inne for å gå tilbake til normalen i Schengen, seier han.

(©NPK)

Siste nyhende

FN: Færre flyktningar har komme frå Libya etter EU-avtale

Talet på flyktningar som har nådd Italia via Libya, har falle kraftig sidan EU inngjekk ein omstridd avtale med libyske styresmakter, opplyser FN.

Syrisk opposisjon gjentar krav om Assads avgang

Ei gruppe syriske opprørs- og opposisjonsgrupper krev enda ein gong at president Bashar al-Assad må gå av.

Argentinsk marine: Ubåt kan ha vore ramma av eksplosjon

Ein eksplosjonsliknande lyd vart registrert rett etter at den argentinske ubåten med 44 menneske om bord forsvann for ei veke sidan, opplyser marinen i landet.

Rwanda vil ta imot 30.000 migrantar utsette for slavehandel i Libya

Rwanda kunngjer at dei vil tilby seg å ta imot rundt 30.000 flyktningar som har vorte utsette for slavehandel av væpna grupper i Libya.

Sveits lover pengehjelp til EU-land 

Sveits vil gi 10,7 milliardar kroner i økonomisk hjelp til fattige medlemsland i EU.