Bill Gates rosar framgangen i kampen for betre helse i u-land

Stiftinga til Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates peikar i ein ny rapport på ei rekkje framsteg i arbeidet for betre helse i fattige land.

– Fattigdom og sjukdom i fattige land er dei klaraste døma på menneskeleg liding som det går an å gjera noko med, heiter det i ein uttale frå Gates.

I rapporten frå Bill and Melinda Gates Foundation blir det streka under at talet på barn under fem år som døyr har falle kraftig. Hovudårsaka er vaksinar og betre levekår.

I Malawi døydde eitt av fire barn før dei blei fem år i 1990, men i dag har delen falle til eitt av 16.

Senegal blir trekt fram som eit land der mange fleire kvinner har fått tilgang til prevensjon.

Rapporten «Goalkeepers» blei lagt fram onsdag, før FNs hovudforsamling i New York. Stiftinga til Bill Gates og kona Melinda planlegg å laga årlege rapportar om arbeidet med å nå FNs berekraftsmål, som blei vedteke i 2015.

Milliardæren Bill Gates blir rekna som den rikaste personen i verda. Stiftinga, som blei oppretta i år 2000, er ein viktig bistandsaktør som har gjeve store pengesummar til kampen mot sjukdom og fattigdom i utviklingsland.

(©NPK)

Siste nyhende

Kurdarane i Irak vil halde folkeavstemming trass motstand

Leiarane i Kurdistan nektar å avblåse folkeavstemminga om lausriving måndag, trass i truslar og åtvaringar frå mange kantar.

Corbyn: – Brexit-planane til regjeringa er framleis uklare

Regjeringa til statsminister Theresa May har framleis ikkje klargjort kva slags forhold Storbritannia skal ha til EU etter brexit, meiner Jeremy Corbyn.

Theresa May avviser EØS-løysing

EØS er ikkje godt nok for det britiske folk, meiner statsminister i Storbritannia Theresa May.

Båt med flyktningar forliste i Svartehavet – 15 døde

15 personar mista livet då ein båt med flyktningar forliste i Svartehavet utanfor Tyrkia tidleg fredag, melder kystvakta.

18-åring sikta for T-baneangrepet i London

Ein 18 år gammal mann er sikta for drapsforsøk i samanheng med sprengladninga som gjekk av i T-banesystemet i London førre fredag.