FBI-sjefen avviser at Trump vart avlytta

FBI-sjef James Comey avviser president Donald Trumps påstand om at forgjengaren Barack Obama avlytta han i valkampen. 

– Det ligg ikkje føre informasjon som støttar påstanden om at FBI avlytta Donald Trumps kontor, sa Comey under ei høyring i etterretningskomiteen i Representanthuset måndag.

(©NPK)

Siste nyhende

-Offensiven mot IS' viktigaste by Raqqa begynner snart

Offensiven mot ekstremistgruppa IS' viktigaste by Raqqa i Syria vil begynne om nokre dagar, ifølgje forsvarsdepartementet i Frankrike.

Opprørsleiar drepen i Colombia

Ein av leiarane for opprørsgruppa ELN er drepen av regjeringsstyrkane i Colombia. 

EU ber Brasil frivillig innstille kjøtteksporten

EU har bedt Brasil frivillig innstille kjøtteksporten etter at landet skal ha selt kjøtt utgått på dato.

–Palestinsk 17-åring drepen av israelske styrkar

Ein 17-år gammal gut vart torsdag skoten og drepen av israelske soldatar ved Vestbreidda, ifølgje palestinske medium.

250 flyktningar og migrantar er frykta omkomne i to forlis i Middelhavet

Rundt 250 afrikanske migrantar og flyktningar er frykta omkomne i to forlis i Middelhavet, utanfor kysten av Libya, ifølgje ein spansk redningsorganisasjon.