FBI bekreftar at dei etterforskar Trumps band til Russland

FBI-sjef James Comey bekreftar for første gong offentleg at Russlands påståtte forsøk på å påverke utfallet av presidentvalet i USA blir etterforska. 

Comey sa dette under ei høyring i etterretningskomiteen i Representanthuset i Kongressen måndag, og understreka at han var instruert av det amerikanske justisdepartementet til å legge korta på bordet.

Dei påståtte banda mellom personar i Trumps valkampstab og russiske tenestemenn er ein del av etterforskinga, opplyste Comey.

(©NPK)

Siste nyhende

Minst 65 drepne i moskéangrep i Afghanistan

Minst 65 menneske er drepne og over 50 er såra er i sjølvmordsangrep mot to moskear i Afghanistan.

Alvorleg for to medlemmer av forgifta dansk familie

Tilstanden er alvorleg for to medlemmer av den danske familien som ligg på sjukehus med det som truleg er soppforgifting. To barn i familien døydde torsdag.

TV4 tar programleiar av lufta etter skuldingar om seksuell trakassering

Den svenske TV4-profilen Martin Timell blir tatt av lufta etter skuldingar om at han i årevis har trakassert kvinnelege medarbeidarar seksuelt.

EU-rassia mot BMW

EU-kommisjonen gjennomførte denne veka ein rassia mot hovudkontoret til den tyske bilprodusenten BMW i München. 

Kurz har fått regjeringsoppdrag i Austerrike

Presidenten har formelt gitt Sebastian Kurz (31) i oppdrag å danne regjering i Austerrike. Han blir den yngste leiaren i verda.