Giro d'Italia-opning i Israel

Dei tre første etappane av neste års Giro d'Italia er lagt til Israel.

Det bekrefta arrangørane sjølv onsdag. Det blir første gong i historia at starten på det første trevekersrittet i sykkelsesongen går utanfor Europa.

Opninga av Tour de France har ved fleire høve vore lagt utanfor Frankrikes grenser. Storbritannia, Nederland og Tyskland er blant landa som har vore arrangør. Det same har også vore tilfelle for både Giroen og Vuelta a España.

I 2012 vart Giro d'Italia innleidd i Danmark med tre etappar.

Giro-arrangørane opplyser at detaljane rundt etappane vil bli offentleggjort i neste veke. Statsrådar frå Italia og Israel skal stå for sjølve kunngjeringa saman med den spanske sykkellegenden Alberto Contador.

Sistnemnde avslutta karrieren med etappesiger på den nest siste etappen av Vuelta a España nyleg. Samanlagt vart han nummer fem i avskjeden.

Nederlandske Tom Dumoulin gjekk til topps i Giro d'Italia i år. Sigeren var den første Grand Tour-triumf nokon gong for Sunweb-syklisten.

På plassane bak seg hadde Dumoulin colombianske Nairo Quintana og italienske Vincenzo Nibali. Sindre Lunke var einaste norske deltakar.

(©NPK)

Siste nyhende

Tidlegare OL-meister Alptekin utestengt på livstid

Friidrettsforbundet i Tyrkia har utestengt tidlegare OL-meister Asli Cakir Alptekin på livstid etter det tredje brotet på antidopingreglane.

Kristiansen skuffa over resultatet

Dei norske U23-syklistane var med å prege VM på heimebane. Dei var ute etter gullet, men enda opp med granbar med Anders Skaarseth som beste på 10.-plass

Cosnefroy ordna fransk siger i U23-fellesstarten

Benoît Cosnefroy frå Frankrike blei U23-verdsmeister i fellesstart under sykkel-VM i Bergen. Han slo tyske Lennard Kämna i spurten.

Skadd Neymar mistar kamp

Neymar trøblar med den høgre foten sin og spelar ikkje Paris Saint-Germains seriekamp mot Montpellier i den franske serien laurdag.

Kristoff reknar med deltaking i nytt norsk ritt

Alexander Kristoff forventar å delta på heimebane under det nye sykkelrittet Hammer Series i Stavanger og Sandnes, som blir sykla i slutten av mai 2018.