Paris tildelt OL i 2024, Los Angeles i 2028

Paris blei onsdag formelt tildelt dei olympiske sommarleikane i 2024, mens Los Angeles fekk leikane fire år seinare.

Til vanleg er det stor spenning rundt slike tildelingar, men ikkje denne gongen. I praksis blei det tidleg i sommar klart at IOC-kongressen i Lima ville gje dei to kandidatbyane kvart sitt OL, og i slutten av juli gjekk begge byane med på ein avtale som innebar at Paris skulle vera først ute.

Dermed var møtet onsdag i Lima, hovudstaden i Peru, berre ein formalitet. Evalueringskommisjonen la fram rapporten si og meinte begge byane var gode OL-arrangørar, og deretter fekk byane sjølv presentera seg overfor IOC-medlemmene.

Paris-borgarmeister Anne Hidalgo lova "kostnadseffektive og berekraftige" leikar og sa at både Paris og Los Angeles ønskjer å inspirera seinare vertsbyar til å følgja eksempelet deira.

Det blei ikkje stilt nokon kritiske spørsmål. IOC-president Thomas Bach spurde om sjølve avstemminga kunne gå føre seg ved handsopprekking, og ingen sa imot det.

Tredje gong

Både Paris og Los Angeles blir OL-vertsby for tredje gong. Hovudstaden i Frankrike hadde leikane i 1900 og 1924, og får dei altså tilbake etter akkurat 100 år. Paris søkte utan hell om leikane i 1992, 2008 og 2012.

Den nest største byen i USA, Los Angeles, arrangerte sommarleikane i 1932 og 1984. Ventetida mellom to leikar blir altså vesentleg kortare, men OL i 2028 blir første sommar-OL i USA sidan Atlanta-leikane i 1996, altså eit gap på heile 32 år. Det blir også dei første leikane i USA sidan vinterleikane i Salt Lake City i 2002, eit fråvær på over eit kvart hundreår.

Feiring

I staden for spennande "valvaker" kunne ein på førehand planleggja feiringar av tildelinga i begge vertsbyane. I Paris var det friidrettsøvingar ved Eiffeltårnet, og etter avgjerda blei OL-ringane avdekt på Trocadero-plassen.

I Los Angeles brann OL-elden på Los Angeles Memorial Coliseum att allereie før den offisielle tildelinga.

(©NPK)

Siste nyhende

TV-krigen om handball i gang for TV 2 

TV 2 må kjempe for sitt handballiv. VM-rettane er i spel med prisar som skyt i vêret for kvar månad.

Northug langt bak dei beste på Gålå

Petter Northug var aldri med heilt i tetstriden på 15-kilometeren i fri teknikk på Gålå fredag. Langrennsstjerna enda på 17.-plass.

Jacobsen avgjorde tett sigerskamp på Gålå

Astrid Uhrenholdt Jacobsen innfridde favorittstempelet og vann 10-kilometeren i fri teknikk på Gålå fredag.

Klæbo raskast i Ruka-prologen

Johannes Høsflot Klæbo fortsette i same stil som under opningsrenna på Beitostølen og vann sprintprologen under verdscupen i Ruka fredag.

Weng, Falla og Bjørgen utslått i norsk fiaskoprolog

Heidi Weng og Marit Bjørgen rauk ut då berre to norske jenter kvalifiserte seg for kvartfinale i det som vart ein uvanleg svak norsk langrennsprolog i Ruka.