Heilspansk meisterligasemifinale

Det blir intenst Madrid-derby mellom Real Madrid og Atlético Madrid i semifinalen i meisterligaen.

Dermed møtes dei to finalistane frå i fjor i nest siste hinder før finalen i Cardiff. Dei spanske hovudstadslaga har møtt kvarandre regelmessig i meisterligaen dei siste åra. Real Madrid har overtaket på naboane. Finalane i 2014 og 2016 enda med Real Madrid-triumf og Atlético-tårer. Real Madrid vann også då laga møttest i kvartfinalen i 2015.

Real Madrid kan bli første lag som forsvarar tittelen etter at serievinnarcupen vart lagt om til meisterligaformatet. Storklubben er mestvinnande lag med elleve titlar i den gjævaste europacupen. Atlético Madrid har aldri vunne innbyrdes møte i meisterligaen.

Juventus, som har tapt heile seks finalar i den gjævaste europacupen (to sigrar), møter Monaco i den andre semifinalen. Monaco har spelt finale berre éin gong, og det vart tap mot Porto i 2004.

To gonger har Juventus slått ut Monaco (1998 og 2015).

– Monaco er eit sterkt lag med mange talentfulle spelarar og har imponert denne sesongen. Vi må vere forsiktige, men målet er klart, skriv Juventus-spelaren Sami Khedira på Twitter.

For Juventus handlar alt om finale ti år etter at klubben reiste seg frå degraderinga til Serie B etter kampfiksing.

Kampane blir spelte 2./3. mai og 9./10. mai. Real Madrid og Monaco startar heime.

Finalen i Cardiff går 3. juni.

(©NPK)

Siste nyhende

Søt revansje for Boasson Hagen

Edvald Boasson Hagen (30) tok spurten og vann 3. etappe av sykkelrittet Tour dess Fjords fredag.

Statsministeren til Arctic Race

Statsminister Erna Solberg skal kaste glans over sykkelrittet Arctic Race of Norway i august.

Van Gestel vann opningsetappen i Tour des Fjords

Belgiaren Dries Van Gestel vann 1. etappe av sykkelrittet Tour des Fjords onsdag.

Friidrett: Maraton-NM til Risør

Norges Friidrettsforbund har tildelt noregsmeisterskapen i maraton i år til Risør.

Bendiksen forklarar seg i CAS

Tidlegare landslagslege i langrenn Fredrik Bendiksen skal vitne i Therese Johaugs CAS-høyring i Sveits.