Av Ørsta-Volda lokallag av Foreningen Norden:

Årsmøte i Ørsta-Volda lokallag av Foreningen Norden.

Nordensamarbeid er i vinden, og lokallaget har fått fleire nye medlemar siste året. På årsmøtet var det medlemar frå både Ulstein og Stad kommunar i tillegg til Ørsta og Volda. Namnet på lokallaget har vore diskutert, med omsyn til at det er medlemar frå eit større omland enn før.

Fleire medlemsskular har også komne til etter at lokallaget har spandert visning av «Margrete den første» til nokre skular og klassesteg. Dette er ein film frå 2021 som viser historia om Kalmarunionen, der Sverige, Danmark og Noreg var samla.

Årsmøtet tok for seg vanlege årsmøtesaker, og sjølv om siste året var prega av at lokallaget var 50 år, hadde jubileumsfest og ga ut ei jubileumsbok, så hadde laget også arrangement som Nordisk gjestebod og lesekveld i samband med Nordisk litteraturveke.

Det vart også valt nytt styre, og på biletet er styret samla til sitt første styremøte: Anbjørn Steinholm Frislid (nyvalt), Kai Raaberg, Eli Skaatun, Anne Steinsvik Nordal, Gunnar Strøm (nyvalt) og Septina Selma Einarsdottir (nyvalt).

Det nye styret er i gong med «Nordisk gjestebod» som lokallaget arrangerer saman med kokk- og servitørlina på Ørsta vidaregåande skule neste veke