Skrive av Bjørn Rydningsmo-Jensen  og Anders Lien

Innleiing:

Viser til artikkel i Fjt. den 20.02.24 der det kjem fram at kommunen vil engasjere seg i å få reist eit kulturhistorisk kunnskapssenter i Selje med statleg og fylkeskommunal medverknad. Dette er eit initiativ vi synes er svært positivt. Den kulturhistoriske skattekista som Selje er, fortene sin eigen presentasjonsstad. Men vi har nokre tankar om kva som er viktige å ta med inn i prosessen, både med omsyn fagleg innhald og som kommersiell utviklingskraft.

Målet med senteret må være

·         Å presenterer den unike historia til «Gamle Selje» og områda rundt Silda-gapet på ein profesjonell måte.

·         Å få reist eit signalbygg som løftar arkitekturen i Selje og vert ein attraksjon i seg sjølv.

·         At tiltaket legg til rette for å skape flest mogleg arbeidsplassar i næringsfattige Selje.

·         At satsing på kulturbasert turisme vil styrke reiselivsnæringa både lokalt og i heile regionen.

·         At framtidig aktivitet bidreg til at lokalbefolkninga utviklar ei god vertskapsrolle overfor dei som vitjar oss.

Eit delmål er å betre toalett-, trafikk- og parkeringstilhøva i Selje sentrum.

Lokalisering

Etter vår meining må eit slikt senter lokaliserast i Selje sentrum. Det er her dei historisk mest interessante funna i Stad kommune er, og nær klosterruinane. Det er og hit reisande kjem for å oppleve denne fantastiske dokumentasjonen på tidlegare tiders religionshistorie og kystkultur med kontaktar vestover og sørover i Europa.

Kommunen har ei ledig tomt på ca. 2.4 da. der det gamle kommunehuset i dag ligg til forfalls. Denne er tidlegare tenkt brukt til føremålet, ligg sentralt til i bygda. Selje Prestegard er nærmaste nabo og det er kort veg til Seljevågen med båtforbindelse til Selje kloster. Inntil ligg ein ubrukt del av prestehagen på ca. 1,8 da som naturleg høyrer til denne tomta Saman er desse store nok til lokalisering av eit funksjonelt kunnskapssenter som kan fungere i samspel med Pilgrims-senteret i Prestegarden.

Arbeidsplassar og samfunnsutvikling

Det kan ikkje herske tvil om at Selje med omland treng ny vekst og utvikling. Det må gjenskapast eit levande lokalsamfunn med utgangspunkt i eit allsidig næringsliv fundamentert innan fleire bransjar. Til det trengs det tung, offentleg medverknad.

Kulturbasert turisme er ei av næringane Seljesamfunnet må gjenreisast rundt. Her vil kunnskapssenteret kunne spele ein sentral rolle dersom prosjektet vert rett oppbygd og alle moglegheiter nytta. Fagleg innhald, kapasitet og logistikk er nøkkelord. Auke i cruiseturistar ti distriktet, vil kunne være eit viktig inntektsgrunnlag for senteret.

Kjelda – kulturhistorisk kunnskapssenter: Slik kan eit kulturhistorisk kunnskapssenter i Selje tenkjast å sjå ut. Illustrasjon: A. Lien/ Vicente Ferrando Traver/NTC arkitekter. Konsept: Bjørn Rydningsmo-Jensen/Knut Djupedal

Bygningsmassen

Tomta er stor nok til at der kan plasserast eit fagsenter med golvflate på ca. 2-2,500m2 i 2 – 3 etasjar i tillegg til eit område for service og personmottak på ca. 250m2. Korleis ei slik bygningsmasse skal utformast vil måtte bestemmast gjennom komande planprosess. Men med ein slik lokalisering, er rett arkitektur og utforming viktig slik at Selje får eit signalbygg som løftar det visuelle intrykket av bygda. Den ytre utforminga bør og ta omsyn til at bygget vert liggjande inntil Selje Prestegard, og eventuelt ha felles aktivitetar med denne.

Fagleg innhald

Konseptet tek utgangspunkt i Knut Djupedal og Bjørn Rydningsmo-Jensen sine tankar om eit slikt prosjekt. Dei ser føre seg eit senter som kviler på 5 temaområder lokalisert i kvar si fløy i bygget:

·         Sunniva-senteret, tett knytt opp mot Pilgrims-senteret i Prestegarden.

·         Oldtid og vikingtid.

·         Klostersenter og mellomalderen

·         Nyare tid, verdskrigar og etterkrigstid.

·         Samtid, framtid, kunst og kultur.

Dei meiner at senteret må driftast i samspel med Pilgrims-senteret i Selje Prestegard.

Knut er historikar med bakgrunn frå etableringa av, og mangeårig dagleg leiar for Utvandrarmuseet på Hamar. Bjørn har i fleire tiår vore leiar for konserverings- og skjøtselsarbeidet på Selje Kloster saman med Riksantikvaren og no i seinare år, Vestland fylkeskommune.

Administrativt innhald

Eksempel på andre funksjonar som må være tilknytt senteret:

·         Resepsjon/vertskap og kommunal turistinformasjon.

·         Servering, suvenirsal og aktivitetsrom for barn.

·         Bibliotek, møte-/undervisningsrom, kinosal og kontor til eige bruk og utleige.

·         Tilrettelagte lokale for «sivilt» bruk og offentlege servicefunksjonar

I tillegg bør all historieforvaltning og den kommunale næringsavdelinga i Stad og lokalisera i bygget.

Parkerings- og trafikkløysing

Under bygget vil det være plass til parkering for inntil 150 bilar med gjennomkøyring frå Seljevågen og til Prestebakken. Overskotsmassane vil kunne nyttast til andre viktige samfunnsprosjekt i Seljebygda, t.d.. i grunnen til samlokalisert symje- og fleirbrukshall.

Alternativt kan delar av underetasjen nyttast til brannsikker lagring av kunst- og kulturgjenstandar og/eller bomberom.

Offentlege toalett

Toalettmangelen i Selje sentrum kan og løysast i samband med eit slikt tiltaket.

Kritiske suksessfaktorar

Forutan dei store finansieringsutfordringane som må løysast,  meiner vi det er avgjerande med:

·         Effektive logistikkløysingar både innvendig i senteret og utanfor.

·         Effektiv utnytting av moderne teknologi til presentasjonar.

Det er og viktig å ha fokus på at eit slikt senter skal gjere Selje med omland til ein endå betre stad å bu, virke og vitje enn her er i dag.

Organisering

Det vert anbefalt at tiltaket vert organisert som eit offentleg føretak med namn Kjelda. Forretningskontor, dagleg leiing og fagansvarlege må være lokalisert i 6740 Selje.  Dette gjev god lokal forankring og medverknad, både i planfasen, oppbygging og dagleg drift. Her er mykje kompetanse å velje frå.