Skrive av Reidar Vonheim, pensjonert kommunearbeidar som jobba med vatn og kloakk for Eid kommune i 39 år.

Mi meining om kommunestyrevedtak 7.3.-24:

Dette er ei sak som har berørt mange, og mange meiner at dei har full kontroll, tenkjer då på dei i kommunestyret som stemde for utbygging av nytt kloakkreinseanlegg på Mel.

Det ser for meg ut som om dette er ein hastesak, for vi må ha dette på plass før EU-direktiva trer i kraft, men det er trass alt ein del år til 2035.

Eg kjenner saka på Mel. Var med på bygginga av det første reinseanlegget som kommunen hadde der, der ein samla slammet i strømper som vart frakta til ei slamlagune. Dette silanlegget vart seinare bytta ut med nytt solanlegg, og bygget vart utvida vestover for installering av container for slammet. Kjenner og til korleis det såg ut i dette området etter nyttårsorkanen.

Området på Mel er det naturlege punktet for spill-vassleidning. All kloakk frå Nord i aust og Os i sør endar der, det meste via pumpestasjonar og ein stor del via naturleg fall. Så eit naturleg utgangspunkt er på Mel.

Når ein no har gått for at det skal byggast eit sekundærreinseanlegg, som er eit anlegg som fjernar meir av det organiske stoffet i forhold til silanlegg, så er det behov for eit stort areal. Ut frå det så meiner eg at plassering på Mel vil bli eit kostbart alternativ, pluss at det vil ta ein del tid, fordi masse og grunn må sette seg. Når det gjeld ytre påkjenningar som storm og springflo, så har ein store utfordringar som det må takast omsyn til.

Når ein les punkt 2 i kommunestyrevedtaket, så verkar det forlokkande, som for eksempel minimering av arealbruk, men samstundes står det i punkt 3 at ein skal utarbeide ein mogelegheitsstudie for mottak av slam for turistbåtar. Skal dette gjennomførast, så trur eg minimering av arealbruk fort fell vekk.

Mitt råd, om det ikkje er for seint, er at dette anlegget bør plasserast på sørsida, det vil seie alternativ 5 på Os. Her kan anlegget byggast på fast grunn, og det kunne fått ei fin utforming med fasade mot sjø. Med dette alternativet kan eksisterande anlegg på Mel vere i drift gjennom heile byggetida.

Eg kjenner til at anlegget på Mel er nedslitt og ikkje funksjonelt ang. HMS, men problemet er at det er store mengder overvatn som kjem inn på anlegget, og dette er ei medverkande årsak til at deler av råkloakken ikkje heilt hamnar der den skal. Vil og påstå at det med utfylling og utbygging, samstundes som anlegget skal vere i drift, vil by på utfordring og ekstra kostnader.

Det som kan bli på Mel er ein pumpestasjon som pumpar kloakken over til Os-sida. På Mel er der nok areal til ein slik pumpestasjon, og ein bevarer både ålegras og laster som har vore dumpa i området. Å legge pumpeleidningar på sjøbotnen er ikkje noko stor sak, ein kan og få den mudra ned i botnen om ein vil, slik at ikkje det blir til hinder for nokon.

Når det gjeld kostnad – det verkar som at det ikkje er måteleg kor fint ein skal lage det til på Mel med fjordfront med tilgang for ålmenta og gangvegar. Det spørst om det ikkje held med ein gangveg utover mot Skårhaug. Forleng heller gangvegen frå Skårhaug og vestover!

Det verkar for meg underleg om det ikkje vert billegare å bygge på fast grunn i staden for å ta ei stor utfylling i sjøen. Eller er det ikkje så nøye? Innbyggarane må no berre forvente å betale meir. Kommunen er ansvarleg for utbygginga, og det med byggekostnad må vel vere eitt av dei viktigaste kriteria for å starte ei slik oppgradering?

Likeins meiner kommunestyret at ein skal bygge det slik at det kan ta imot kloakk frå turistskip. Er de klar over kor store mengder det er snakk om? På eit slikt skip er det fleire personar enn det som er tilknytt reinseanlegget i dag, og det vil igjen medføre at anlegget må byggast mykje større, for her er det snakk om store basseng som skal reinsast for å fjerne både fosfor og nitrogen. Om ein skal ta imot slam frå turistskip, då må det takast med i byggekostnader – arealbruk – driftskostnader. Om alle fakta kjem på bordet der, så kan ein jo sjå om ein får «butikk» i det.

Det som Stad kommune heller bør satse på er å oppgradere det leidningsnettet som ein har i dag, for å redusere lekkasje inn/ut av nettet. Her er det mykje å spare, og ein vil få ei betre drift på det nye anlegget.

Når det gjeld infrastruktur på sørsida, så vart det for få år sidan lagt vassleidning mot Osvikja, og straum meiner eg at det er kapasitet på. Det som er «flaskehalsen» er Osbrua, som pr. i dag har lavt akseltrykk.

Så vil eg innstendig be dei som skal jobbe vidare med denne saka om å tenke at dette skal vi få til på ein skånsam måte og til ein forholdsvis rimeleg pris. Gå i dialog med andre som har og skal bygge ut liknande anlegg. Her er 2600 reinseanlegg i Norges land, her treng ein ikkje å finne opp krutet på nytt.

Det er eit ord som passar i desse tider: «Vend i tide, det er ingen skam å snu».