Av Marion Tufteland, mor & gründer:

«Kvifor er Fylkeskommunen meir oppteken av å rasere skuletilbod i distrikta i staden for å ta tak i utfordringane vi står overfor i framtida?»

Splitt-og hersk er ein enkel retorikk å ty til når økonomien knip og ein er for feige til å ta tak i vanskelege ting. Då set ein andre aktørar i spel og let det gå sin gang. Dette har fungert og no skapt splid i Nordfjord. Skulane ser berre sine eigne tap i staden for å stå saman og avfeie det heile.

Som strutsen vel Fylkeskommunen å stikke hovudet i sanden i staden for å ta inn over seg verkelegheita. Tal og økonomi er enklare å trikse med enn å sjå at 16-åringane våre treng varierte utdanningstilbod, tilpassingar, fleksibilitet, tryggheit og nærleik til skule og familie i krevjande ungdomsår.

«Endringa av skulestrukturen tek fokuset vekk frå det vi alle bør fokusere på;  å få alle elevane gjennom utdanningsløpet»

For vi treng alle med. Vi har store utfordingar i framtida. Klimaendringa tilseier at vi må legg til rette for innovasjon og nytenking. Vi treng dyktige fagarbeidarar og kreative menneske som er løysingsorienterte og handlekraftige. Målet er at ni av ti skal fullføre vidaregåande opplæring innan 2030, jmf. St. Meld. 21.

Som eit ledd i få fleire unge gjennom utdanningsløpet fekk vi Kunnskapsløftet i 2020 etterfølgt  av Fullføringsreforma. Frå hausten 2024 vil den nye Opplæringslova tre i kraft noko som gjev elevane fleksibilitet i forhold til gjennomføring.

Ein snakkar òg om å gjere skulane meir praksisretta for å tilpasse undervisninga slik at den treff fleire elevar. Dette er viktige grep for å få fleire gjennom utdanningsløpet. Å kutte på skuletilbodet i Nordfjord basert på usikker prognose vil eg påstå er i strid mot det overordna planverket og skulepolitikken til regjeringa.

For tal frå Ung data, viser at 17% av ungdomane våre har psykiske utfordringar, 10% kjenner seg einsame, 8 % vert mobba. I aldersgruppa 16-25 år er det 11,5 % som ikkje  har bestått eller er i vidaregåande opplæring. Ein får ikkje desse tala ned ved dei kutta som er planlagt. Eg er redd det får motsett effekt.

Alle linjene er like viktige, men eg vil likevel trekkje fram FBIE – Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Ei linje som utdannar kreative menneske. Menneske som ser andre løysingar, som ser samanhengar og som lærar seg ein mentalitet om at det meste er mulig å få til. Denne linja er òg viktig for elevar som treng særskilde tilpassingar i undervisninga. Skapande og praktisk arbeid er ein av dei viktigaste reiskapen i alt Recovery-arbeid.

Bedriftene og helsevesenet skrik etter kompetanse Nordfjordfjordskulane tek ansvar for å bringe fram. Det er eit luksusproblem for Fylkeskommunen, med tanke på kva ein vil spare i form av trygdeutgifter og kva ein vil få av skatteinntekter når ungdomen kjem i fast jobb.

Det er viktig å understreke at det er menneska som bur i Norge som er landets største og viktigaste ressurs. Ikkje olje og energi. Kunnskap er  nøkkelen til å løyse framtidas utfordingar. Å hindre elevar i å få lærekontrakt/jobb viser tankeløyse, dårskap og lite respekt for den komande generasjon og alle som brukar fritida og arbeidet sitt på å hjelpe ungdomen opp og fram.

Statistisk sentralbyrå slår fast at fylka med minst kriminalitet i Norge er gamle Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal. Vi høyrer om rekruttering til kriminelle gjengar i Oslo av barn heilt ned i 8- års alderen, om  Svenske Foxtrot-nettverk som etablerar seg i byane og lærarar som vert utsett for vald og trakassering av elevar.

VI høyrer òg om lave søkjartal til læraryrket og elevar som droppar ut av skulen. Nordfjord er ikkje perfekt, men dei fleste kjenner seg relativt trygge her. Vi har gode og relevante studietilbod med engasjerte og samvitsfulle lærarar som har bygd opp skulane i regionen vår. Skular som har tett samarbeid med kommunane, kultur- og næringslivet og som gjev utdanning næringslivet og helsevesenet etterspør. Det gode fagmiljøet har teke år å byggje opp.

No ligg alt til rette for innovasjon og utvikling av regionen. Vi har blitt ein attraktiv region. Det er her det skjer. Det ville vere meir hensiktsmessig å sende elevstraumen frå by til bygd og ikke motsett.

Ikkje stikk kjeppar i hjula for oss, for ting kan raskt bli verre i vår del av landet òg. Lat lærarane få fortsette det gode arbeidet i skulane. Vi som bur her ønskjer å fokusere på innovasjon, få ungdomen opp og fram, førebygge utanforskap, einsemd og psykisk uhelse. All erfaring og forsking tilseier at det er meir samfunnsøkonomisk å førebyggje framfor å drive Recovery-arbeid.

Skulane er den viktigaste arenaen i det førebyggande arbeidet mot rus, kriminalitet og utanforskap. Den er og den viktigaste byggesteinen for velstand, helse og likeverd, jmf. FN´s berekraftsmål 4. Då er det viktig at vi har gode, fleksible og tilpassa studietilbod som er attraktive og i nærleiken av der elevane bur.