Av Anita Olaug Otneim Hoddevik, Stad Venstre:

I høyringsforslaget til fylkesdirektøren i Vestland fylkeskommune er det forslag om å redusere elevtalet ved dei vidaregåande skulane Firda og Måløy.

Ved Stryn vidaregåande skule er det ikkje føreslege endringar som den einaste av dei vidaregåande skulane i Nordfjord.

Ved Eid vgs er det føreslege å flytte vg1 FBIE (frisør, blomster interiør og eksponeringsdesign) og frisør vg2, medan vg2 interiør og eksponeringsdesign er føreslått lagt ned. I tillegg ligg det inne at vg2 industriteknologi ikkje får starte opp hausten 2024.

På Firda vgs er studiespesialisering føreslege tatt vekk med 3 klasser.

Ved Måløy vgs er det føreslege å ta vekk studiespesialisering med 3 klasser, TAF/YSK-tilbodet med fire klasser og restaurant og matfagtilbodet med to klasser.

TAF/YSK står for Tekniske allmenne fag/yrkes- og studiekompetanse. TAF/YSK-elevane tar i løpet av fire år både fagbrev og spesiell studiekompetanse. Måløy vgs har TAF/YSK-tilbod innan akva, helse og industriteknologi.

Alle kuttforslaga er hardtslåande og øydeleggande for skulane våre som er ramma. Kutta kjem i ei vanskeleg dyrtid der vi som innbyggarar i Nordfjord har behov for å kjenne framtidstru, bulyst og blilyst skal vi holde oppe verdiskapinga og innbyggartalet på ein oppadgåande trend.

Kutta er også basert på ein svak elevtalsnedgang og ei pessimistisk framskriving av elevgrunnlaget for dei vidaregåande skulane i Nordfjord.

I denne samanheng kan ein stille spørsmål om elevane skulane rekrutterer frå randsona av regionen til dømes mot Sunnmøre er medrekna i talgrunnlaget?

Som følgje av kuttforslaga er det elevane våre som er taparane som får lenger skuleveg, må bruke meir tid på å vente på buss og sitte på skulebuss, fleire elevar må flytte på hybel, og elevane får færre utdanningstilbod å velje mellom i nærområdet sitt.

Ei sentral føring for arbeidet med ny tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane er at dei i størst mogleg grad skal dimensjonerast etter arbeidslivet sitt behov for kompetanse både no og i framtida. På yrkesfag må det vere samsvar mellom behovet i arbeidslivet, tal på elevar i skulen og tal på tilgjengelege læreplassar.

For utdanningstilboda som er føreslege tatt vekk: FBIE, vg2 Industriteknologi, studiespesialisering, TAF/YSK-tilbodet og restaurant- og matfag, så er elevplassane i høgste grad tilpassa næringslivet.

Næringslivet og kommunane i Nordfjord har eit stort behov for lærlingar, fagarbeidar, arbeidskraft, ferievikarar og ekstrahjelper som desse elevane er.

No skal desse elevane sendast vekk og ut av Nordfjord slik at det blir endå vanskelegare og få desse tilbake etter endt utdanning, og vanskelegare å få anna ungdom til å flytte til regionen vår.

Det er krise for industrien og kommunane i Stryn, Stad, Kinn og Gloppen om fleire yrkesfagplassar vert lagt ned jf. fjerning av industriteknologi på Eid vgs og TAF/YSK-tilbodet ved Måløy vgs. TAF/YSK- tilbodet i Måløy leverer 16 lærlinger til næringslivet i Nordfjord og kommunane kvart år.

Det er krise for Operaen på Eid at industriteknologi og FBIE er føreslege fjerna fordi linjene har eit tett samarbeid med Operaen, i tillegg til at Operaen er ein umåteleg viktig lokalsamfunnsbyggar i Nordfjord.

Det er krise for industrien og næringslivet i Nordfjord som er avhengig av lærlingar og studiespes-elevar frå alle dei fire skulane i Nordfjord.

Det er mange kompetansearbeidsplassar i Nordfjord som er helt avhengig av rekruttering frå studiespesialisering ved dei fire skulane.

Det er krise at Firda skal miste sine studiespes-klasser som har produsert talent og kreative elevar i åresvis.

Det er krise at restaurant og matfag-tilbodet i Måløy som er det einaste tilbodet i Nordfjord skal fjernast. På same tid har kommunane og næringslivet i Nordfjord ei storstilt satsing på reiseliv der matopplevingar er èin sentral del, og har verkeleg behov for lærlingane som kokkelinja i Måløy produserer.

Høyringsforslaget som ligg føre vil utarme utdanningstilbodet i Nordfjord, og følgjeleg gjere det mindre attraktivt å flytte til Nordfjord.

Fjerning av kompetansearbeidsplasser på dei vidaregåande skulane er ei anna følgje som Venstre har vore èin forkjempar for nettopp å få flytta ut i distrikta.

Det koster å drive vidaregåande skule og andre tilbod til innbyggarne som også er under lupa i Nordfjord i desse dagar (jf. skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus som er til vurdering). Dette må regjering og Vestland fylkeskommune ta inn over seg.

Det store spørsmålet er korleis skulane i Nordfjord kan riggast og samarbeide i lag med nettskulen i Vestland, for at vi skal kunne beholde alle dei gode utdanningstilbuda til elevane våre som næringslivet og vi som innbyggarar er helt avhengig av.